- Erlend Vassbotten (fødd 1990) vil starte i stillinga 1.Jan 2020, skriv selskapet i ei pressemelding.

Han tar over etter Alex Vassbotten som går av som dagleg leiar. Han vil jobbe vidare med utvikling i konsernet, og som dagleg leiar på Stenvik Rensefisk.

- Spesielt vil utbygging av nytt storsmolt anlegg i Svelgen ta mykje av tida framover, skriv selskapet.

Alex Vassbotten har vore dagleg leiar sidan oppstarten av Steinvik Fiskefarm i 1986. Steinvik Fiskefarm har 6 konsesjonar i Askvoll og Flora kommune, og eit visninssenter på Steinvik.

Konsernet Steinvik har Barlindbotn Settefisk (2 mill smolt),og Steinvik Rensefisk som produserer Rognkjeks i Svelgen (3,3 mill fisk). Her er det og sett i gang bygging av nytt storsmolt anlegg som skal vere ferdig hausten 2020

Erlend har ein bachelor i økonomi frå BI i Oslo, og ein bachelor i Havbruksdrift og leiing frå Bodø. Erlend har vore tilsett i Lerøy Sjøtroll sidan 2013 der han har hatt stilling som lokalitetsleiar og biologisk kontroller sidan 2015.

Inge Vassbotten er styreformann i konsernet, og no blir det 3 generasjonar som skal ta konsernet inn i framtida.

Nøkkeltall STEINVIK FISKEFARM AS (tall i millioner kroner)
2018 2017 Endring
Inntekter 417,5 417,8 -0,1%
Driftsresultat 108,6 135,0 -19,6%
Resultat før skatt 109,5 146,2 -25,1%
Årsresultat 85,4 114,8 -25,6%
Driftsmargin 26,0% 32,3% -19,5%
Egenkapital 117,1 131,7 -11,1%
Totalbalanse 308,8 324,6 -4,9%
Langsiktig gjeld 28,3 30,5 -7,2%