Reke- og seifiskarar, lokale oppdrettarar, forvaltarane Fiskeridirektoratet og Mattilsynet og interesseorganisasjonane Sjømat Norge, Fiskarlaget og Kystfiskarlaget har alle blitt kontakta av HI-forskarane, skriv Havforskingsinstituttet (HI) i ei pressemelding.

Som ein del av det internasjonale ECOAST-prosjektet, har forskarane tatt temperaturen på sameksistensen mellom ulike brukarar av kysten.

Hordaland er undersøkt

— Vi har spurt aktørane i det som kallast produksjonsområde for akvakultur 3, som omfattar det meste av Hordaland, fortel prosjektleiar Guldborg Søvik.

Det er ein kystregion med stor aktivitet, både innan fiskeri, oppdrett, skipsfart, militæret og turisme.

— Vi har spurt aktørane om dei meiner det er konfliktar i området i dag, og om dei ser for seg framtidige interessekonfliktar.

Søvik understrekar at undersøkinga er gjort i liten skala med få respondentar, og difor ikkje er statistisk signifikant — men undersøkinga gir likevel eit innblikk i korleis fiskarar og oppdrettarar ser på forholda seg i mellom.

Ulike oppfatningar hjå fiskarane

— Folk har ulike opplevingar av situasjonen. Nokre seifiskarar rapporterer at dei har ein god dialog med oppdrettarane, andre meiner dei får for lite informasjon frå den kanten, fortel Søvik.

— Ein typisk interessekonflikt er om villfisk som vert fiska nær oppdrettsanlegg og har ete laksefôr har dårlegare kvalitet på kjøtet eller ikkje, og her har fiskarane ulike meiningar.

Det er ikkje mange rekefiskarar igjen i området og dei som driv rekefiske, gjer det på deltid.

Rekefiskarane fortel at ei interessekonflikt dei opplever, er folk som set krepseteiner i rekefelta. Spesielt når private gjer det, er det vanskeleg å spora opp eigar og få vedkommande til å fjerne teinene.

Verneområde kan bli ny konflikt

Fleire av aktørane gir uttrykk for at dei ikkje forventar nye konfliktar mellom fiskeri og lakseoppdrett i framtida.

— Dei melder at området allereie er så utbygd, og at aktørane er blitt vant til kvarandre og lever side om side. Rekene har dessutan forsvunne frå dei indre kyststroka og det er ingen som trålar der lenger. Det som ein derimot ser for seg kan skape konflikt i framtida, er mogleg vern.

— Dersom område med mykje aktivitet i dag blir verna i framtida, vil det fort avgrensa næringsaktørane. Det trur fleire kan skape konflikt, seier Søvik.