– Det betyr i praksis at når elevane på VG2 er ferdig med skulebenken og skal ut i lære så kan dei velje. Å gå vegen som i dag og ta eit fagbrev i akvakultur, eller om de vil ta læretida og gå opp til fagbrev i det som vi kallar havbrukstekniker, seier kommunikasjonssjef Øyvind André Haram i ei melding på nettstaden til Sjømat Norge.

– Dette vil bety at leverandør og servicenæringen til havbruk endelig kan ta i mot lærlinger, sier Øyvind A. Haram. Foto: Privat

Dagens fagbrev er over 30 år gamal og har vore lite endra på sidan 1989 då det vart innført. For seks år sidan tok havbruksmiljøet i Ytre Namdal kontakt med Sjømat Norge. Sidan har ein saman arbeida for å til ei endring.

– Eg vil fyrst og fremst takke Halvor Mortensen ved Val vgs og alle i havbruksmiljøet i lokalmiljøet rundt for at ein har stått på. Dei har vore særs dyktige i arbeidet med å konkretisere og vise kvifor dette er så nødvendig, skriv Haram i meldinga.

Årsaka til at ein vil splitte fagbrevet handlar i all hovudsak om alle endringane som er kome i havbruk dei siste ti åra.

– Ting er heilt annleis enn kva det var då dagens fagbrev vart innført. Ein har svært mykje teknologi som krev kunnskap om korleis ein handterer utstyret. Ein har fleire båtar som driv ulike type operasjonar relatert til produksjonen. Det seier seg sjølv at å kunne alt dette samtidig som ein skal røkte fisk er krevjande.