Tre kollegaer går saman og satsar no som ny kompetanseleverandør innanfor landbaserte og lukka anlegg for smolt og matfisk. Med seg har dei over 50 års erfaring og kunnskap om akvabransjen.

- Me har planar om å arbeide både lokalt og nasjonalt, men også mot den internasjonale marknaden, fortel Geir Ingolf Strand. Saman med sambygding Kjell-Torodd Fitjar Bremskau frå Fitjar og Eirik Østerhaug frå Sveio vil han blant anna tilby skisseprosjekt, forprosjekt, driftsanalysar og fullstendige driftsplanar, skriv selskapet i ei pressemelding tysdag.

Dei tre har lang erfaring som prosjektteam frå blant anna hos Multiconsult og Akvator. Å starte eiga bedrift er noko som har modna over tid kjem det fram:

- Me har hatt det godt og kjekt der me har vore, og me har eit godt forhold til tidlegare arbeidsgjevarar. Men det er vel fire-fem år sidan me første gong byrja å prate litt om at det hadde vore spennande å starte for seg sjølv. Og etter lang tids modning var tida no inne for å hoppe i det ukjente. Dette blir kjempespennande, seier Østerhaug i meldinga.