Det melde partane i ei pressemelding tysdag.

Troland lakseoppdrett og Telavåg fiskeoppdrett vil frå no av eige 30 prosent kvar av Engesund Gruppa gjennom selskapet ETT Havbruk.

– Me ser fram til å vera med å ta ut potensialet i Engesund si verksemd, med flinke folk og lokalitetar i Solund, Masfjorden og på Fitjar, der det også er fôringssentral, seier Svein Arve Forland, dagleg leiar i Telavåg fiskeoppdrett i pressemeldinga.

40 prosent

Etter salet vil Giljegruppa framleis ha ein eigardel på 40 prosent i Engesund Fiskeoppdrett. Handelen formaliserast i løpet av mars.

– Me er svært glade for at Troland og Telavåg vert med på alget, seier dagleg leiar Svein Eivind Gilje i pressemeldinga.

Han representerer Giljegruppa, og er barnebarn av Lars Kleppe, som saman med Ingebrigt Kleppe fekk konsesjon og starta opp Engesund Fiskeoppdrett i 1987.

– Kvifor blei det eit sal av Engesund no?

– Det har kome ei tid for generasjonsskifte i bedrifta, der det har vore spørsmål om kven som er motiverte for å ta selskapet vidare, og kven som kunne tenka seg å gjera andre ting. Det er ingen dramatikk rundt det, seier Kristian Løining.

Han fungerer som styreleiar i ETT Havbruk gjennom kjøpsprosessen. Fram til no har det vore fire søsken, med partnarar, som har eigd Engesund. Ei av dei greinene er Giljegruppa, der Løining er inngift.

– I dag eig Giljegruppa 31 prosent av Engesund, men dette blir auka til 40 prosent ved salet. Det er mykje historie og mykje som er arbeida opp over mange år. Lars Kleppe, saman med sonen Ingebrigt, var blant dei tidlegaste pionerane i oppdrettsbransjen. Det har vore ein del av motivasjonen til Giljegruppa å haldra fram den historia, seier Løining.

– Inga endring for dei tilsette

Løining har stor tru på samarbeidet med Troland og Telavåg, som liknar Engesund i storleik og at dei er mindre aktørar på Vestlandet.

– Vil dei tilsette i Engesund merka noko til oppkjøpet?

– Det blir inga endring for dei tilsette. Det er noko av det beste med denne løysinga. Om det hadde kome ein større aktør, så hadde det kanskje blitt endringar. Dei tilsette er letta, og så er det bygd opp eit godt team i selskapet som brenn for bedrifta og er glade for å vidareføra det, seier Løining, og legg til:

– For å forsvara dette for Troland og Telavåg, så var det heilt naudsynt å finna synergiar. Dei synergiane i å vera tre små aktørar for å finna gode løysingar, som ofte er reservert store aktørar, er me veldig motiverte for å henta ut.

Held summen hemmeleg

I tillegg til den ordinære konsesjonen disponerer Engesund òg ein visingskonsesjon og ein mørkegrøn konsesjon.

Inaq har vore rådgjevar og forhandlingsleiar for seljarane, og Sparebank 1 Markets og advokatselskapet Wikborg Rein har vore rådgjevarar for kjøparane. I pressemeldinga skriv partane at dei er samde om at kjøpesummen ikkje vert offentleggjort.