Dette trur ekspertane om lakseprisen i 2024

Sjømatanalytikar trur trenden frå dei siste åra vil fortsette også i 2024.

Finn-Arne Egeness, bransjeanalytiker for sjømat, Nordea.
Finn-Arne Egeness, bransjeanalytiker for sjømat, Nordea.Foto: Kjersti Sandvik (arkiv)
I desember i fjor sa sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea at det var vanskeleg å seie noko bestemt om korleis prisane ville bli i 2023.

No seier han at han ser at etterspørselveksten i 2023 held fram å vere høgare enn tilbodsveksten.

– Så grunnlaget for framleis høge prisar er framleis til stades, meiner han.