Eksportkvantum for fersk laks i veke 1 enda på 11 249 tonn, 29,1 prosent høgare enn i veka før då volumet var 8 714 tonn, syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

I veke 1 i 2020 var eksportprisen for fersk laks kr. 78,20 per kilo, ein oppgang på 1,5 prosent samanlikna med veka før. Startpris i veke 1 2019 var til samalikning på kr. 66,66 per kilo.

I veke 1 i 2020 vart det eksportert 81 tonn frosen laks, og prisen var 54,68 kr/kg.

Sjølve eksportkvantumet startar marginalt lågare i 2020 enn i 2019. Det heng saman med at veker der jul og nyttår inngår, normalt viser låge eksportkvanta.