Eksportør om lakseprisen: – No er det game changer i marknaden

– No har eg kjøpt fisk for under 100 kroner for første gong på ei god stund, seier ein nøgd eksportør vi snakkar med i dag.

Intrafish fann laks frå både Noreg og New Zealand i fiskedisken på ein supermarknad i Shanghai i mai 2024. Absolutt alt av fisken blei seld, til og med hovud, øyrebein og ryggbein.
Intrafish fann laks frå både Noreg og New Zealand i fiskedisken på ein supermarknad i Shanghai i mai 2024. Absolutt alt av fisken blei seld, til og med hovud, øyrebein og ryggbein.Foto: Ann Eileen Ditlevsen Nygård

Begge dei eksportørane vi snakkar med i byrjinga på ringerunden i dag, er i farta. Den eine tar seg likevel tid til å melde at han trur småfisken skal litt ned, og den andre melder at han ser prisen ligge på mellom 105 og 110 kroner for fisk på mellom 3 og 6 kilo.

Den tredje eksportøren vi får tak i, spår at vi kjem til å høyre mange forskjellige prisar i dag. Og til ein viss grad stemmer det. Difor byr vi på heile to prislister vi har fått høyre om.