Atlantic Seafood gjekk konkurs i november i fjor, og bustyrar Jørun Knardal har uttalt at han vurderer om det er omstøytelege forhold eller har føregått straffbare forhold i selskapet.

Selskapet dreiv med handsaming og pakking av fisk på Moltustranda på Søre Sunnmøre frå slutten av 2020 til november 2022.

No har Møre og Romsdal tingrett vedtatt at det skal bli oppnemnd burevisor i konkursen. Det betyr at ein statsautorisert revisor vil gå gjennom rekneskap og prøve å avdekke eventuelle straffbare forhold.