Gjestekommentar

Skrevet av Øyvind André Haram i Sjømat Norge. Organisasjonen er ein av Intrafish sine faste gjesteskribentar. De øvrige er: økonomiprofessor Bård Misund, Sigrid Ratvik Østvik - advokatfullmektig i Schjødt, Dag Sletmo – seniorrådgiver i DNB Seafood,oppdretter Sondre Eide, Nina Santi, seniorrådgiver i Inaq og Erlend Bullvåg, administrerende direktør i Kunnskapsparken Bodø.

Ein hylla kystbønder som hadde tru og starta på fiskeoppdrett. No om dagen er alt stort sett elende. Kva er det vi nordmenn skryt av å vere? Glade i natur? Fredselskande og samfunnsengasjerte? Gode i vinteridrett? Der ute i verda meiner dei at vi er tolerante, respektfulle og opne. Vi står an av, og ja så har vi visst nok heilt fabelaktig god fisk. Spør du folk på Karl Johan om det siste, er eg derimot på om du får likt svar på dette med fisken.

Kva i all verda skjedde? Før i tida stod folk på kaia og såg etter fiskebåtane. Ein hylla kystbønder som hadde tru og starta på fiskeoppdrett. No om dagen er alt stort sett elende og blir problematisert. For meg er det svært merkverdig korleis andre nasjonar ser på oss. Reiser du til Japan så stod i fjor haust 40 ulike tv-selskap, aviser og medieredaksjonar i kø då Brødrene Sperre på Ellingsøya sende fersk makrell for fyrste gong direkte til landet.

I Italia har dei eigen festival for vår tørrfisk. Norsk laks er høgste kvalitet på sushirestauranter verda over. Her heime? I løpet av ei veke et ein åttandeklassing meir smågodt enn sjømat. Norsk laks kan då umogeleg vere berekraftig? Fisk? Æsj?

Vi sjømatfolk har ein heilt eigen evne til å stikke hovudet i sanden og på langt nær score mål når nokon sender verdas beste pasning. Eg likar ikkje å henge ut nokon, men den sanne historia om reiarlaget som serverte pølse med brød då dei skulle døype nybåten er klassisk. Den viser i høgste grad at vi som næring ikkje er dyktige nok til å bygge sjølvtillit. Skal vi få nordmenn til å vere sjømat-ambassadør kan vi i alle fall ikkje skite i eige reir.

Ja da, seier du og rettar peikefingeren mot meg. Særleg, gjeld det mine gamle arbeidskollegaer i mediebransjen. For all del, vi har fleire ting å ta fatt i. Lakselus og meire til. Likevel, vi må slutte å vere så ekstremt sky. Du må slutte å legge telefonen vekk når journalistar ringer. Du må tørre å stå for det du trur på. Snakk fram sjømat i alle anledningar. Tørr å arrester nokon på Facebook, når du ser kommentarar som er heilt riv ruskande gale. Vi får ikkje fleire til å støtte oss av å stikke hovudet i sanden.

Eg blei nyleg tipsa om å sjå dokumentaren om David Beckham. Produsentane Fisher Stevens og John Battsek har laga ein fantastisk miniserie, der dei får fram lidenskapen den 48 år gamle karen frå Manchester alltid har hatt til det han driv på med. Då David var i Real Madrid og skreiv under for vidare karriere i Los Angeles, parkerte trenar Fabio Capello han utanfor resten av laget. Fansen bua, hadde plakatar på tribuna. Han fekk ikkje trene saman med sine kompisar, og var regelrett plassert i fryseboksen. David møtte likevel opp, kvar morgon. Øvde på skot, spurta fram og tilbake. Aleine. Kvifor? Han brann så inderleg for det han kunne.

Til slutt hadde ikkje Capello noko val. Han såg pasjonen til den legendariske fotballspelaren. Då laget verkeleg sleit på tampen av sesongen gjekk Capello på akkord med seg sjølv, og tok Beckham igjen inn i varmen. Han viste seg tilliten verdig, og var «Los Galacticos» viktigaste spelar i serieinnspurten som til slutt sikra gull for dei heilkvite. Både klubb og by trygla om å få Beckham til å bli. Kontrasten kunne ikkje ha vore skarpare.

Tenk godtfolk om vi alle kunne vere som David Beckham. Tenk om vi kunne ha slik tru og lidenskap. Nyttar du høvet når du er i middagsselskap eller blir møtt med spørsmål om avisoppslag? Tørr du ta debatten i sosiale media? Opnar du dørene? Bjudar du på?

Eg er så inderleg sikker på at vi alle har langt meir å gå på. Det gjeld også når det handlar om å vise meir fram kva vi produserer. Kvifor er det ikkje fleire som kan ha eigne brands? Eg er ingen samfunnsøkonom og lakseseljar. Eg og forstår at du tener meir på å putte laks i ei eske og selje til ein franskmann. Eg har derimot tru på at ditt omdøme blir langt betre om du bjudar på. Kvifor ikkje lage eit liten merkevare, på utsal i bygda der du driv? Kva om du tilbyr litt billigare laks i fabrikkutsal? Kva om du får din sjømat på ferja over til di øy? Kan du sponse sushi til skulen i ditt nabolag? Du skal sjå det skjer under.

Eg avsluttar med å ønskje deg eit godt nyttår, enno vi har byrja på februar. Eg har eit nyttårsønskje. Ver stolt. Fortel om det du driv på med. Gi folk meir sjømat.

PS! Eg et ikkje Pizza Grandiosa, sjølv om eg er frå Sunnmøre. Kvifor? Fordi eg heller vil ete sjømat. Sunnare. Betre. Det er det Victoria Beckham serverer til David for at han skal bli betre på fotballbana og for at ho sjølv framleis skal sjå bra ut! (https://www.self.com/story/victoria-beckham-salmon-skin)