Ein heilt vanleg onsdag. Eg slenger meg ned i sofaen. Treng å puste etter nok ein dag med mykje negativt i feeden. Ein bonde ruslar rundt på garden. Han lagar nye vindauge og ser på storkar som har laga nytt rede. Eg bytter kanal. Jan Thomas stryk ein hest og lurer på om du vil skrive ditt kjærleiksbrev til nokre av sine bønder?

Det er over alt. Urban bonde. Farmen. Fotobonden. Draumen om eit småbruk. Eg nemner nokre få. Det er på NRK, Tv2, alt er idyll, vakkert, fint, det er kjærleik, det er spenning i lufta, nasjonalromantikk, kjem dei til å kysse?

Eg lukker auga og ser for meg ein fôrflåte i solnedgang. Hans Robert 42. Han ser på laksen som hopper glad, løftar kaffekoppen, tek ein sup. Hans Robert stirrer rett inn i kamera. «Æ kjenne det boble i kroppen. Følelsan dem slit i mæ. E it det non der ute som kan tenk sæ litt lakseromantikk?»

Kor i all verda er det vi feila? Kvifor klarer ikkje vi å kome på skjermen med kystkultur og merderomantikk? Vi er då over femti tusen personar i dette landet som har vårt dagleg arbeid i havbruk. Tek vi med alle dei som også er i villfisk så er vi over hundre tusen. Kor er flør

tinga? Kvifor ikkje litt sjark i solnedgang? Det gode liv på kaia? Finst det ikkje lakseromantikk?

Vi har nok litt oss sjølv å takke. Bøndene er i høgste grad meir på offensiven når det gjeld å framme sin sak. Dei griseknuser oss. Eg blir litt stum over kor fabelaktig flinke dei er til å måtte spele inn gode tips, idear og finne på ting til tv-kanalane. Eg prøvde ein gong å ta kontakt med produksjonsselskapet bak «Jakten på Kjærligheten». Eg tok ein høfleg tone og lurte på om dei kunne vere interesserte i å lage noko tilsvarande i havbruk og fiskerisektoren? Det kom aldri noko svar frå selskapet. Om dei var arrogante eller om det ikkje nådde fram til rett vedkomande veit eg ikkje.

Kva kan vi då? Er vi heilt håplause? Tja. La meg ta eit døme. Nettavisa du les no, eller konkurrenten Ilaks, legg ut ei sak på sine eigne Facebooksider. Minutt etter så er aksjonistane i gang. Til og med positive nyheiter som leggast ut hamrer dei laus på. Vi er taus. Vi lukkar vindauget. Vi trekk oss unna. Ingen kommentarer. Knapt eit par likes. Ufatteleg nok har vi og skapt debatt, ja til tider krig, mellom dei som oppdretter fisk og dei som fisker villfisk. Er det rart tv-selskapa helst ønskjer fred og romantikk på ein bondegård? Vi får oppslag for å fylle skattelistene og fisk som er død i merdene.

For all del. Tv-kanalane har ikkje ryggen fri. Norske produksjonselskap burde verkeleg ta seg saman og oppdage at Noreg har mykje meir kjærleik enn berre på bondegardar. Viasat, Discovery... sjå litt utanfor kjendisjaget de held på med. Tenk nytt. Mine gamle kolleger på NRK Tyholt skal ha skryt for å gjeve plass til både fiskarar og havbrukarar i Norges Tøffaste. Og jaggu meg, dei to sesongane har både fiskar-Isak og havbrukar-Sondre gått heilt til topps. Kjærleikshungrige sjømatfolk er det nok av i vår bransje. Ta deg ein tur på Rorbua, andre veka i januar. Eg treng ikkje seie meir.

Så kva kan vi gjere saman for å snu litt av bilete? Skal vi starte «klin med en havbrukar» på Tik-Tok? Nja, den blir vel snart forbode i Noreg, så kanskje finne på noko anna. I det eg sit heime og skriv om dette, ser eg bilete i feeden frå Salmon City i Bergen. Hundremeter med kø. Studentar som hyller sjømat. Vi dinosaurer dør. Heia de unge. Hjelp oss å snu Trykke like på Facebook. Skrive i lokalavisene. Ringe ein journalist og bjuda på. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Netflix kjem no med «Lakseøya». Det fyrste klippet eg har sett er eit totalt anna bilete av den kvardagen eg har lært å kjenne dei siste 20 åra. Tørr du bli med i ein motreaksjon?