Ved elvemunninga til Vikja i Vik, godt inne i Sognefjorden, gjer tre karar seg klare til å symja rundt i elva. Tørrdraktene er tjukke, og på ryggen har dei harpun.
Målet er å undersøkja om oppdrettslaks har reist opp i Vikja.
Laurdag 29. oktober klokka 16.58 fekk Aller Aqua melding frå ein nabo om hoppande laks i Vadheimsfjorden, nokre mil lengre ut i Sognefjorden. Anlegget på Floteneset blei sjekka og melding om rømt oppdrettslaks blei sendt ut. Det gjorde at fleire krefter måtte i sving.
Oppteljinga synte at 35.000 oppdrettslaks har rømt frå Vadheim, og i dagane etter rømminga fanga Vik jakt- og fiskelag og lokale fiskarar fleire oppdrettslaks i og rundt elva.
På elvekanten i Vik står fleire lokale og følgjer med. Dei er spente på å sjå om det er fleire uønskte laks i Vikja, og det er særleg kjønnsmodne oppdrettslaksar som denne dei fryktar:
– Midt i gytetida
På eit leilegheitsbygg ved elvemunninga står det at temperaturen er seks grader i lufta. I elva er det nok ikkje spesielt mykje varmare.
– Dette går fint, me er godt kledde, seier Helge Skoglund.
Han er forskar i Norce, og saman med Tore Wiers og Yngve Landro skal dei sjekka drygt to kilometer med elv i Vik denne tysdagen. Norce laboratorium for ferskvatnsøkologi og innlandsfiske (LFI) tek oppdrag som omfattar forsking, overvaking, tiltak og utgreiingar innan ferskvatnsøkologi, og er engasjert av Aller Aqua til å overvaka elleve vassdrag etter pålegg frå Fiskeridirektoratet.
Med snorkel og harpun skal dei jakta uønskt oppdrettslaks, for det er oppe i elva rømlingane kan gjera mest skade.
– Det er midt i gytetida for villaksen, så det er litt dårleg timing på denne rømminga, seier Skoglund.
– Dette er verre
Det er berre tre år sidan om lag 17.000 oppdrettslaks rømte frå Slakteriet Brekke i Gulen, som nyleg fekk bot for rømminga. Morten Jacobsen, leiar i Vik jakt- og fiskelag, var med på gjenfangst den gongen òg.
– Det var jævlig det òg, men dette er verre, seier Jacobsen.
Oppteljinga til Aller Aqua synte at rundt 35.000 oppdrettslaks har rømt, og at det kunne vera PD-sjuk fisk blant rømlingane. I Vik fanga Jacobsen og andre frivillige godt over hundre i løpet av ei veka, der mykje av fisken var kjønnsmoden hannlaks.
– Det er mengda og at det skjer akkurat no, når fisken gyt naturleg i elva som gjer det verre. Villaksen gyt og så kjem det oppdrettsfisk som mjølka renn av som kan blanda seg med villfisken me har. Skal det vera noko fisk att til etterkommarane våre, så må me få den driten ut av elva, seier Jacobsen.
Titals frivillige, der nokre òg har teke seg fri frå jobb, har bidrege i arbeidet med å fiska etter rømt oppdrettslaks i Vik, blant anna Jacobsen. Elva og laksefiske er ei av inntektskjeldene hans gjennom blant anna overnattingar. Elva Vikja har tidlegare vore full av villaks, men dette har endra seg dei siste åra, seier Jacobsen.
– Jamt og trutt har stammen som er i elva blitt vatna ut, seier Jacobsen, men det er òg ein annan grunn til at han bryr seg om villaksstammen i Vikja.
Plask i elva
Jacobsen har sjølv fiska i elva sidan han var åtte år gamal etter at far hans tok han med.
– Eg ynskjer at andre skal få oppleva det òg. Ungane mine er oppvaksne med å fiska her. Det er hobbyen vår, seier Jacobsen, som legg til at Vik har bra rekruttering av juniorfiskarar.
– Det er dei som skal ta vare på elva framover, seier Jacobsen samstundes som ein oppdrettslaks hoppar i elva like ved.
Ikkje lenge etter blir rømlingen plukka opp i garnet nede ved elvemunningen av Norce-forskarane.
Sjekkar fleire vassdrag
Det er genetisk innblanding Vik jakt- og fiskelag og andre som er glad i villaksen fryktar mest ved rømming frå oppdrettsanlegg. Villaksen blei i november 2021 ein del av norsk raudliste for artar.
Rømt oppdrettslaks kan gyta saman med villaks, som igjen kan bidra til å redusera det genetiske særpreget og tilpassinga lokale laksebestandar har i sitt vassdrag. Fiskeridirektoratet meiner genetisk innblanding av oppdrettslaks er ei av dei største trugslane mot dei norske laksebestandane.
NINA og Havforskingsinstituttet har vurdert den genetiske statusen i 239 ville laksebestandar etter kvalitetsnorm for villaks, og ein rapport om genetisk påverknad av rømt oppdrettslaks på ville laksebestandar syner at det er moderate eller store genetiske endringar i meir enn ein tredel av bestandane. Elva Vikja er markert raud, altså at store genetiske endringar er påvist. Det same gjeld Daleelva, Årøyelva og Sogndalselva. I tillegg er det knytt bekymring til mogleg spreiing av sjukdomar og parasittar frå oppdrettslaks til villaks.
– Difor prøver me å avgrensa meir innkryssing av oppdrettslaks. Det er også noko av grunnen til at Fiskeridirektoratet gir selskap pålegg om miljøovervaking av vassdrag. Direktoratet har gitt oss i oppdrag om å sjekka Jølstra, Nausta og Osenvassdraget i Sunnfjord, samstundes som me sjekkar dei elleve som Aller Aqua er pålagt å overvaka, seier Skoglund, som gjennom forskarjobben i Norce er delaktig i fleire prosjekt knytt til villaks og oppdrettslaks, blant anna OURO og bestandsovervaking i 60 elver.
Villaksen blei i november 2021 ein del av norsk raudliste for artar.
Gjenfangst over 10.000
Aller Aqua har beklaga hendinga og uttalt at det ikkje har vore noko aktivt sjukdomsutbrot på lokaliteten.
– Ingen vil ha rømming. Me har ein nullvisjon alle saman, sa ein prega Sturle Skeidsvoll, dagleg leiar i Aller Aqua, då han møtte Vik jakt- og fiskelag tidlegare i november. Der kunne ikkje Skeidsvoll seia kor mykje rømminga kostar selskapet, men han fekk med seg 90 kjønnsmoden oppdrettslaks tilbake til Vadheim, og han lova at lag og elveeigarar skulle bli kompensert for arbeid og utstyr.
Til Intrafish opplyser Aller Aqua Norge torsdag at cirka 12.000 oppdrettslaks er gjenfanga.
– Ingen andre kjente rømmingar
Skoglund og Landro i Norce har nettopp gjort ferdig snorklinga ned Vikja og gått i land nede ved munninga til fjorden.
Resultatet denne gongen var null oppdrettslaks, berre villaks. Totalt blei to oppdrettslaks fanga i garn ved elvemunninga, i tillegg til ein ved elva Hopra, denne dagen. Alle tre var kjønnsmodne.
– Det er mange studiar som syner at dødelegheita er høg for oppdrettslaks i naturen, men den kan likevel gyta. Rømt kjønnsmoden fisk utgjer den største faren no, men den som ikkje er kjønnsmoden kan vandra ut i havet og koma attende, og då er den kanskje endå farlegare, seier Skoglund.
Ifølgje rømmingsstatistikken til Fiskeridirektoratet har det vore 31 hendingar med bekrefta rømming så langt i 2022. Dei fleste av desse har eit rømmingsestimat på 1–100. Størst er rømminga i Vadheimsfjorden. Rømminga frå Aller Aqua er den største i 2022, men ein skal ikkje lengre tilbake enn september 2021 for å finna ein som var hakket større. Då rømte i underkant av 39.000 oppdrettslaks frå Midt-Norsk Havbruk sitt anlegg i Lekafjorden i Trøndelag.
Arbeidsoperasjonar som avlusing, flytting av fisk og handtering av not er årsaka til flest rømmingar, ifølgje statistikken. Det er òg noko politiet og Fiskeridirektoratet undersøker i denne saka, der éi hypotese er at propellen til mottaksbåten kan ha skada nota.
Reduserer vassføring i elver
For at Skoglund og kollegaene hans trygt og effektivt skal kunna undersøkja Vikja, må vassføringa i elva senkast. Då må regulanten Statkraft setja i verk tiltak.
– Det me gjorde då rømminga blei kjent var å redusera vassføringa i Vikja og Daleelva for å hindra at oppdrettslaks skulle reisa opp i elvene, seier Kåre Hønsi, regiondirektør Midt-Norge i Statkraft, til Intrafish.
Vassføringa blei redusert i både Vik og Høyanger medan Norce undersøkte elvene. Hønsi seier det kostar å vika frå produksjonsplanen, og at dette er estimert til rundt 200.000 kroner. Men det er ikkje tapt produksjon som gir dei største tapa.
– Rømmingar påverkar meir arbeidet me gjer med tiltak for villaksen. Det har ein større kostnad enn tapet i rein produksjon. Rømt oppdrettslaks fører til geninnblanding, og alt slikt gjer arbeidet vanskelegare, seier Hønsi.
– Påverkar arbeidet vårt
Statkraft må oppfylla fleire vilkår for å driva kraftproduksjon, der nokon av dei handlar om å ta vare på villaksen i vassdraga ved å gjennomføra blant anna stamfiske og kultivering. Rømt oppdrettslaks påverkar villaksen, som igjen påverkar arbeidet Statkraft må gjera for å oppfylla sine produksjonsvilkår.
– Når villaksen er truga, så betyr det større tiltaksbyrde for oss. Me brukar mange millionar kroner i året for å halda kontroll på det arbeidet. Det er snakk om store ressursar, som er riktig. Vasskraft har jo negativ innverknad på villaks, seier Hønsi.
Regiondirektøren føler fordelinga mellom tiltaksbyrda til kraftprodusentar og oppdrettarar er skeiv.
– Slike rømmingar påverkar også arbeidet vårt med villaksen, seier Hønsi.
Redusering av vassføringa gjorde at Skoglund og kollegaene i Norce fekk saumfara heile elvestrekninga på drygt to kilometer.
– Forholda i Vikja var bra når vatnet var regulert ned. Då har me god kontroll. Me fann ingenting. Berre villaks som stod i gyteområda, seier Skoglund.
– Uff, ikkje no igjen
I Høyanger, i fjordarmen innanfor Vadheimsfjorden, sit Jan Henning Øyehaug. Han er leiar i fiskeutvalet i Høyanger jakt- og fiskelag. Han har nærare femti år bak seg som laksefiskar og hugsar også godt rømminga ved Brekke Slakteri i 2019.
– Den umiddelbare reaksjonen då meldinga om rømminga kom, var «uff, ikkje no igjen», seier Øyehaug til Intrafish.
Helst vil Øyehaug at lakseoppdretten skal vekk frå fjorden, men han veit ikkje kva løysinga er.
– I lukka anlegg kan så vera. På land vil det bandlegga store areal. Eg veit ikkje kva som er løysinga, men industrien er nok komen for å bli, seier Øyehaug.
Mykje fisk, men ikkje i elvene
Dei fyrste vekene var det lite oppdrettslaks å sjå i Høyangerfjorden, seier Øyehaug. Dei har sjekka elva, elvemunning og kraftstasjonen, i tillegg til at det er vanleg fritidsfiske i fjorden, som dei plar gjera om hausten. Noko ekstra overvaking har det vore, men det har ikkje blitt observert mykje oppdrettslaks.
Førre veka endra det seg. Meldingane Øyehaug fekk sa at det var snakk fleire hundre som var fanga.
– Men me har ikkje sett fisk som går på elva endå, seier Øyehaug.
I Vik blei det fanga mykje oppdrettslaks veka etter rømminga i Vadheimsfjorden. Deretter roa det seg, men dei siste meldingane syner at det òg har endra seg i Vik.
Førre veka og i helga blei det teke fleire titals oppdrettsfisk i fjorden utanfor Vik.
– Det liknar rømminga på Brekke. Dette er noko forbanna drit, men denne fisken går ikkje på elva, seier Jacobsen, som ventar at dei må fiska etter rømt oppdrettslaks ei stund til.
Når det gjeld karane med tørrdrakt og harpun så skal dei i gong med ein ny kartleggingsrunde denne veka.
Det har snart gått fire veker sidan meldinga om hoppande laks i Vadheimsfjorden, og framleis er det fleire krefter i sving.