Saka blei oppdatert med kommentar frå Lerøy 23. november.

– Det er fantastisk. Det er ikkje ofte ein opplever at det skjer, det er ikkje forventa i det heile.

Det seier Simen Sætre om suksessen til boka Den nye fisken. Både i Noreg – og utanfor landegrensene.

Boka har nemleg seld rundt 10.000 eksemplar her heime, og er no trykka på både engelsk og finsk. Snart kjem den kinesiske utgåva.

– Det er ein suksess vi aldri hadde trudd skulle bli ein suksess, seier den nøgde forfattaren på telefon til IntraFish.