2021 nærmar seg slutten. For å summera opp året vil me trekkja fram dei mest leste sakene på Intrafish i året som var. For kvar månad kan du sjå kva tre saker som var mest lest blant Intrafish sine abonnentar. I tillegg kan du sjå kva sak som blei mest lest av både abonnentar og ikkje-abonnentar. Under følgjer dei mest leste sakene for siste halvdel av 2021.

Juli

Den nye havbruksstrategien som Erna Solberg si regjering la fram opna for ei kraftig vekst i lakseproduksjonen, men på visse vilkår. I strategien blei det også varsla ein gjennomgang av løyva i havbruksnæringa. Den saka kan du lesa her.

I år har Intrafish skrive fleire saker om pionerane i laksenæringa, blant anna Tarald Sivertsen. Laksepioneren måtte til slutt selja livsverket, og den historia kan du lesa meir om her.

Kvar veka skriv Intrafish om lakseprisane, og ei av prissakene i juli blei mykje lest av abonnentane. Der blei det meldt om «tidenes kollaps». Den saka kan du lesa her.

Mest leste opne sak: Kaptein Svenn Magnus Steffensen (40) sin arbeidsplass gikk verden rundt. Nå nærmer de første oppdragene seg

August

Under Aqua Nor arrangerte Intrafish Sjømatpulsen live. Temaet var lukka oppdrett i sjø og på land. Saka og debatten kan du lesa og sjå her.

Bruk av lyd for å redusera lusemengda blei ikkje godt teke imot av Mattilsynet, som seier dei ikkje var kjent med storskalautprøvinga av Aculice. Saka kan du lesa her.

48.000 fisk døydde plutseleg hjå Statt Torsk. Sjukdom blei utelukka, men dagleg leiar hadde nokre teoriar om kva som kunne ha skjedd. Du kan lesa meir om dei her.

Mest leste opne sak: Inne i denne gruven vil Roger Hofseth ha 150 enorme tanker med fisk: – Et impulskjøp

September

I starten av september blei det klart at Dharma Rajeswaran sluttar i Atlantic Sapphire. I mars gjekk han frå driftsdirektør til stabssjef, og du kan lesa meir om saka her.

Alf-Helge Aarskog føreles og rettleiar studentar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Under ein såkalla «industry day» sa Aarskog at studentane måtte læra seg tre bokstavar, elles ville dei ikkje få pengar i korkje banken eller hjå investorar. Kva bokstavar han snakka om kan du lesa her.

Ikkje så lenge etter at Rajeswaran slutta, slutta også HR-direktør Cristina Espejo i Atlantic Sapphire. Den saka kan du lesa her.

Mest leste opne sak: Økonomiprofessor: At oppdrett går så det suser er en sannhet med modifikasjoner

Oktober

Ei supermarkedkjede i USA slutta å føra den landbaserte laksen frå Atlantic Sapphire. Fargen på kjøtet og prisen blei trekt fram som utfordringar av sjømatdirektøren i Giant Eagle. Saka kan du lesa her.

Alice Øksheim var klar på at ho ikkje skulle jobba med lakseoppdrett. Ho skulle ikkje bu i heimkommunen Rognan, og ho skulle ikkje finna seg kjærast frå nabobygda. Slik gjekk det ikkje, og den saka kan du lesa her.

Fiskedød og storbrann i Danmark var nokre av utfordringane til Atlantic Sapphire i 2021. Det gjorde at laksegründer Johan Emil Andreassen måtte kjempa for tilliten etter kurskollaps. Saka kan du lesa her.

Mest leste opne sak: Er det plass igjen til røkteren?

November

Lurer du på kva norske oppdrettssjefar fekk i rein løn frå selskapa i 2020? Fleire tente over to millionar kroner og oversikta kan du sjå her.

Geir Wenberg i Wenberg Fiskeoppdrett har ikkje tru på landbasert oppdrett. Dette tok Wenberg opp i eit debattinnlegg, som gjorde at mange tok kontakt. Saka kan du lesa her.

Mattilsynet meinte at bruk av frosen makrell som fôr til leppefisk kunne vera ein helseskade for laksen i merdane. Det var ikkje Rogaland Fjordbruk samde i. Saka kan du lesa her.

Mest leste opne sak: – Oppdrettsnæringen er den mest passive næringen jeg har møtt i min karriere som ordfører

Desember

Kor mykje havbrukstilsette tente i snitt, og kor mykje som blei teke ut i utbyte av selskapa, fanga interessa til mange abonnentar. Oversikta kan du lesa her.

Noreg er ikkje lenger einerådande blant verdas største produsentar av laks, aure inkludert. Blant dei 15 største er det no berre seks selskap som er norske. Rangeringa kan du lesa her.

Ein gjennomgang av omsetnaden og driftsresultatet til over hundre norske havbruksselskap synte at dei fleste gjorde det godt under koronaåret 2020. Likevel var det store variasjonar i lønnsemda. Oversikta kan du lesa her.

Mest leste opne sak: Se de første bildene fra innsiden av verdens største brønnbåt