2021 nærmar seg slutten. For å summera opp året vil me trekkja fram dei mest leste sakene på Intrafish i året som var. For kvar månad kan du sjå kva tre saker som var mest lest blant Intrafish sine abonnentar. I tillegg kan du sjå kva sak som blei mest lest av både abonnentar og ikkje-abonnentar. Fyrst ut er dei seks fyrste månadane i 2021.

Januar

Den mest leste saken i årets fyrste månad handla om lærlingen Isabel Andersen. Ho var andreårslærling ved Eidsfjord Sjøfarm i Sortland, og yrkesvalet hennar gjorde at ho var ein av dei best betalte lærlingane i landet. Du kan lesa meir om den saka her.

Interessa for landbasert lakseoppdrett er stor, noko Heidi Kyvik fekk merka. Ho og nokre kollegaer sa opp jobbane sine i det franske storkonsernet Veolia og gjekk i konkurranse med sin gamle arbeidsgjevar. Du kan lesa meir om Kyvik og selskapet ho leiar her.

Det var sorg då ein person døydde på eit lakseslakteri på Ulvøya. Ein mann fekk eit illebefinnande og livet sto ikkje til å redda.

Mest leste opne sak: Dei skal ta over oppdrettsbedrifta som tener over 100 millionar kroner i året

Februar

I løpet av tre sekund skjønte Kathleen Mathisen at noko verkeleg var alvorleg. Like etter svima ho av på kontoret. HR-sjefen i Grieg enda på Haukeland sjukehus og måtte gjennom ein hjerneoperasjon. Deretter måtte ho kjempa seg tilbake til kvardagen. Korleis ho kom seg til att kan du lesa her.

På slutten av 2020 døydde 607.000 fisk ved Erko Settefisk på Stord. Mattilsynet etterlyste meir informasjon, men fekk ikke nok til å kunna vurdera saka skikkeleg og truga med dagbøter. Du kan lesa meir om saka her.

Den tredje mest leste saka i februar handlar også om hendinga hjå Erko Settefisk, eit anlegg som er eit av referanseprosjekta til Nofitech. Den saka kan du lesa her. Mattilsynet vedtok seinare å gje ei bot på over ein million kroner.

Mest leste opne sak: Denne konsulenten blir ikke spesielt imponert over CV-er fra NHH

Mars

I årets fyrste vårmånad var det ei sak om leiarløner i offentlege sjømatføretak som blei mest lest av abonnentane. Lista over løna kan du sjå her.

Medieoppslag som synte uskånsomme avlivingsmetodar gjorde at to britiske supermarkedkjeder mellombels suspenderte innkjøp frå den skotske lakseprodusenten SSC. Den saka kan du lesa her.

Lurer du på kva NTS-toppane tente i 2020? Leiinga tente mindre enn leiinga i andre store lakseoppdrettarar, og saka kan du lesa her.

Mest leste opne sak: HR-sjefen i Grieg var i ferd med å avslutte arbeidsdagen. Ein halvtime etterpå låg ho på sjukehus

April

Oppdrettsnestor Atle Eide uttala i april at han trur opne laksemerder i sjø vil vera i ferd med å bli fasa ut i Noreg i 2030. Kvifor kan du lesa meir om her.

Det er blitt for mykje finans og for lite biologi. Krav om rask inntening går på bekostning av robustheit, sa Jan Gjerde til Intrafish i april. Kvifor han meiner at produksjonstid i sjø kan halverast kan du lesa her.

Vintersår gjorde at det var uvanleg mykje produksjonsfisk. Det påverka lakseprisen, som du kan lesa meir om her.

Mest leste opne sak: Slik ser «AQS Tor» ut etter fallet: – Det ser overraskende bra ut i forhold til hva vi fryktet

Mai

Lønningane i konsernleiinga i Lerøy blei mest lest blant abonnentane i mai. Fleire av dei tente over fire millionar kroner i 2020. Den saka kan du lesa her.

En oversikt over kva dei børsnoterte oppdrettsselskapa som hadde publisert fyrste kvartalsrapport tente per kilo samanlikna med året før var mykje lest blant abonnentane. Salmar leverte gode marginar, men ei lita Mowi-verksemd knuste alle. Saka kan du lesa her.

Ola Braanaas blei trekt inn i oppdrettsstriden mellom Coast Seafood og Blom. Oppdrettsmilliardæren oppfordra til å starta dagen med "blanke ark og tegnestifter". Den saka kan du lesa her.

Mest leste opne sak: Normalt har ho 70 reisedøgn ut i verda. No sel ho frosen fisk frå heimekontoret i Fyllingsdalen

Juni

Blant abonnentane var det ei sak om over 6000 smolt som døydde på ein brønnbåt som var mest lest i den fyrste sommarmånaden. Mykje fisk blei knust av vasstrykket. Saka kan du lesa her.

Eit mogleg sal av Salmonor blei godt lest av abonnentane. John Fredriksen, Gustav Witzøe og Helge Gåsø blei nemnt som moglege kjøparar, og saka kan du lesa her.

Ein retta emisjon i Salmar blei gjenstand for kritikk av børskommentator Thor Chr. Jensen i Dagens Næringsliv. Kommentaren kan du lesa her.

Mest leste opne sak: Talet på tilsette i Akva Group aukar. HR-direktøren merkar seg særleg to trendar blant søkjarane