Det seier driftsdirektør i Mowi, Øyvind Oaland, til Intrafish. I helga publiserte vi eit innlegg frå Oaland, der han fortel at han i debatten om havbruksnæringa saknar at ein ser heile bildet.

– Eg synest ting blir litt tatt ut av samanheng og sett på spissen. Eg meiner det er viktig å ha ein totalvurdering av dei ulike elementa vi må forhalde oss til og styre etter. Difor ønsker vi å melde oss på diskusjonen, seier Oaland til Intrafish.

– Kva meiner du blir sett på spissen?

– Det blir jo framstilt som at dødelegheita har tatt kraftig av og er ekstrem høg, og då trur eg det er viktig å ta ein diskusjon på kva som er akseptabelt og realistisk.