Fartøyet er verftets bygg nummer 76 og er det 4. i rekka av avanserte brønnbåtar frå Myklebust i Gursken til verdas største brønnbåtrederi.

– Vi er svært nøgde med at fartøyet er levert og klart for oppdrag. Samarbeidet med Myklebust har vore bra og vi overtar eit topp moderne fartøy av høg kvalitet som vi gler oss til å sette i drift, uttaler dagleg leiar i Sølvtrans, Robin Halsebakk, i ei pressemelding onsdag.

Fartøyet har ein lastekapasitet på 4000 m³. I tillegg har skipet installert batteripakke for å møte framtidas miljøkrav.

Høg aktivitet ved Myklebust Veft med «Richard With» i dokk, bygg 76 «Ronja Nærøysund» og skroget til bygg 77, «Ronja Star», ved kai. Foto: Myklebust verft

– «Ronja Nærøysund» er eit produkt vi er svært stolte av å levere frå oss, og våre tilsette har gjort ein formidabel jobb. Ein framtidsretta brønnbåt som dette er kompleks å bygge, og eit tett og godt samarbeidet med reiarlag og underleverandørar er også avgjerande for å lykkast, seier dagleg leiar Lars Conradi Andersen i Myklebust Verft i same melding.

Myklebust Verft har ytterlegare 2 fartøy i ordreboka til same reiarlag. Skroget til bygg 77 kom til Myklebust førre veke, medan skroget til bygg 78 er under bygging i Tyrkia, går det fram av dagens melding frå partane.

– Situasjonen ved Myklebust er i betring etter eit krevjande fjorår. Vi ser lysning i covid situasjonen og har bra med arbeid i 2022. Samstundes jobbar vi med å få på plass meir arbeid ut over i 2023, avsluttar Conradi Andersen.