Det kjem fram i et pressemelding frå Viking Aqua mandag.

Selskapet har løyve og planar om produksjon av 33.000 tonn laks årleg ved lokasjonen i Gulen. Dette betyr handtering av 75-150 tonn eigen produsert laks dagleg. Noverande framdriftsplan tilseier oppstart produksjon i 2025, opplyser selskapet i meldinga.

- I seg sjølv vil kun vidareforedling av eigen fisk vere motivasjon nok til utvikle og etablere fiskeforedling i tilknytning til lakseoppdrettet, men analyser viser at det kan vere hensiktsmessig å etablere kapasitet til å handtere eit volum på 300 tonn laks per døgn. Dette betyr at fabrikken har kapasitet til å motta ekstern fisk på 150-200 tonn dagleg, skriv selskapet.

- Vi meinar derfor det rette tidsvindauge for ein ny topp moderne fiskeforedlingsfabrikk på Vestlandet, og her kanskje spesielt i gamle Sogn og Fjordane, no er ope, uttaler styreleiar Stein Inge Larsen i meldinga.

Han håper på avtaler med lokale og regionale oppdrettarar for å oppnå eit stabilt slaktevolum.

Det kjem ikkje fram av meldinga kva fiskefabrikken vil koste eller kven som skal betale den, men til Intrafish opplyser Ingar Valvik i Viking Aqua at investeringsestimatet er cirka 800 millionar kroner.

- Finansiering er ikkje på plass, og vert ein del av den samla kapitalprosess for å realisere Viking Aqua sine ambisjonar i Skipavika, skriv Valvik i ein epost oss.