Det var Wenberg Fiskeoppdrett, Edelfarm, Bio Vivo og Technip Fmc som sende inn felles søknad til Nærings- og fiskeridepartementet i 2017 om å få utvikle lukka merdanlegg for fiskeoppdrett.

Prosjektet, som fekk namnet Ocean Tech, hadde teknologi som skulle redusere utslepp og styrke dyrevelferda for laks, og kombinere teknologi frå offshoresektoren med moderne havbruk, opplyser dei i ei pressemelding måndag kveld.

Tre dagar før det hadde gått seks år sidan dei søkte, fekk dei avslag.

– Kva skal ein seie? Eg synest det er hårreisande handtering av myndigheitene, seier prosjektleiar Idar Lindanger til Intrafish om avslaget.