Linda Litlekalsøy Aase har vore konsernsjef i Bremnes Seashore i drygt fem månadar. Det er like lenge som ho var sjef i Salmar før exiten hausten 2022.

– Eg fekk jo spørsmål om det var på grunn av lakseskatten. Det var det ikkje, seier Aase til Intrafish.

Tida etter Salmar-exiten blei korkje keisam eller innhaldsfattig.

– Det var ein absurd luksussituasjon eg hamna i. Eg trur eg fekk tusen meldingar frå folk som ynskte meg lykke til eller ville ha ein prat.