- Denne veka er det ein ”hot” laksemarknad. Etterspurnaden er stor og det er for tidleg til at me skal kunne merka nokon reaksjonar. Eg trur me først vil kunne sjå konsekvensane av dokumentaren når me skal selja laks for neste veke denne fredagen, seier administrerande direktør Jan Egil Ytrearne i Seaborn til IntraFish.

Han fortel at dei er oppmerksame på om det vil koma reaksjonar i marknaden og er klare til å informera kundane som spør etter det.

- Felles informasjon frå oppdrettsnæringa reknar eg med at Eksportutvalet for fisk og FHL tar seg av.