I august fjor klaga AquaGen på at selskapet berre fekk to av fem omsøkte nye konsesjonar på stamfisk. No har Fiskeri- og kystdepartementet vedteke at selskapet skal få ein ny konsesjon i tillegg. Konsesjonen er avgrensa til 780 tonn, og blir knytt til eksisterande drift i Tingvoll. Løyvet er avgrensa i 15 år.

I avslaget selskapet fekk frå Fiskeridirektoratet 7. juli i fjor meinte direktoratet at det var ein svakheit ved AquaGen-systemet at heile stamfiskaktiviteten er lokalisert til Midt-Noreg. Dei meinte det var nok med to nye løyver på 780 tonn i Midt-Noreg for å oppretthalda og vidareutvikla avlsprogram av høg kvalitet, samt ha nok biomasse til sikring.