Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet heldt ein liten tordentale for forsamlinga på Dagens Næringsliv sjømatseminar torsdag. Ho var oppteken av kor viktig fiskevelferden er for å få vekst i oppdrettsnæringa.

- Sjølv om det blir sett ut meir fisk enn før, så har ein ikkje henta ut det i produksjonsvekst. Lakselus, sjukdommar, fiskevelferd og biologi er fire årsaker til det. Stort svinn av stor fisk gjer at produktiviteten har gått ned, sa Wilmann.

Mattilsynet vil framover sjekke oppdrettsnæringa, og i år vil det vere ekstra fokus på ulik kombinasjonsbruk i kampen mot lakselus.

-