- Me har i dag fått mange telefonar frå Noreg, men i Frankrike har det ikkje vore reaksjonar på programmet. I forkant av programmet, sendte me òg ut informasjon slik at alle var førebudde. Franske forbrukarar har hatt tillit til norsk laks, og har det framleis, fastslår EFF sin utsending i Frankrike, Johan Kvalheim, overfor IntraFish.

I dag har Kvalheim mellom anna vore innom ein fransk supermarknad der det heller ikkje hadde vore reaksjonar på programmet frå forbrukarane si side.

- Det er klart at ein og annan kan kanskje velje vekk laks, men dette programmet omhandla mange matvarer -- ikkje berre norsk laks.