Det går fram av prisoppdateringa frå NOS-clearing som vart publisert måndag som viser innkjøpsprisane til eksportørane.

Ifølgje oppdateringa var det laks mellom 6 og 7 kg som gjekk mest opp i pris med ein oppgang på 3,61 kroner til 44,59 kroner. Best betalt var laks over 7 kg, som i snitt vart betalt 44,71 kroner.

Slik var snittprisane for dei ulike storleikane i veke 25 (21.-27. juni) med endring frå veka før i parentes:

  • 1-2 kg -- 29,95 kroner (+2,50 kroner)
  • 2-3 kg -- 36,16 kroner (+2,86 kroner)
  • 3-4 kg -- 40,85 kroner (+2,73 kroner)
  • 4-5 kg -- 42,72 kroner (+3,17 kroner)
  • 5-6 kg -- 43,89 kroner (+3,45 kroner)
  • 6-7 kg -- 44,59 kroner (+ 3,61 kroner)
  • 7+ -- 44,71 kroner (+3,52 kroner)
  • Snitt -- 41,78 kroner (+3,39 kroner)

Oppdateringa frå NOS Clearing viser at 26 prosent av laksen var mellom 4 og 5 kg, 24,4 prosent av laksen var mellom 3 og 4 kg, medan 17,6 prosent av laksen var mellom 5 og 6 kg.

joar.grindheim@intrafish.com