Marine Harvest fall over 4 prosent frå 4,95 kroner til 4,69 kroner, Salmar var ned over 6,5 prosent frå 51,50 til 48 kroner medan Lerøy-aksjen fall nær 4 prosent frå 131 kroner til 126 kroner. For dei andre lakseselskapa var det mindre nedgang. Berre Bakkafrost gjekk mot straumen og hadde ein liten oppgang på 10 øre frå 36,40 til 36,50 kroner.

Dei andre sjømatselskapa som var omsett opplevde også eit lite fall i går, berre Austevoll seafood og Domstein hadde ein oppgang.