Tilbake på tv-skjermen

Kan vi klare det igjen? Er det mogeleg å snu? Har du sett vår reklame?

Kommunikasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Norge.
Kommunikasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Norge.Foto: Bent-Are Jensen/arkiv

Før du les vidare, og før ein eller annan omdømmeekspert rakkar meg ned for at «alt kan ikkje fiksast på tv»: Nei. Vi som arbeider med kommunikasjon kan aldri kjøpe oss ut av dårleg omdøme. Vår viktigaste oppgåve er å bli betre i alt vi gjer. Det må gjerast kvar dag. Arbeidet skjer på merdkanten, i brønnbåten, i fôringa, i planlegginga, hjå våre meir enn 50.000 tilsette. Vi kan ikkje kjøpe oss ut av det, men, vi må og bli flinkare å kommunisere.

Det er nemleg ikkje kvardagsleg å drive med reklame i norsk havbruksnæring. I mine 15 år i Sjømat Norge, har vi betalt for reklame tre gongar. I 2010 hadde vi «Kystperlen» der vi tok steget ut av skapet og slo til med heilsider i ein del aviser. Som ein nestor i næringa sa då eg viste reklame: «Tørr vi dette da?».

Så slo vi på stortromma med «Laks er viktig». Det er faktisk 12 år sidan dei reklamefilmane rulla på skjermen. Omdømekspertar bør heller rettmessig kritisere oss for å vere for usynlege.

Ærleg er stikkordet

Å bli flinkare å fortelje kva vi gjer, er noko av det viktigaste vi ønskjer å kommunisere med «Selv om vi har oppnådd mye...». Ærleg er stikkordet. Vårt mål er vise fram både utfordringar og moglegheiter i norsk havbruk. Det vil alltid sitje folk der ute og aldri innsjå at vi gjer ting betre.

Etter ei tid med mykje motbør, har det gledeleg nok vore lyspunkt dei siste månadane. Dødelegheita har gått ned, særleg i dei områda der vi har hatt størst utfordringar tidlegare. Havforskingsinstituttet sin risikorapport viste og at på sju av ni områder, dei måler og rapporterer på, så er det låg risiko eller betring for havbruksnæringa. Slike historier må vi vise fram. Det handlar på langt nær om å skryte.

For, det må vere lov å seie at noko blir betre utan at ein straks vert skulda for å ta fram spannet med grøn maling. Ja, eg og er til tider lei av alle som skal fortelje kor mange av FNs berekraftsmål ein følgjer. Det vert litt som dei som seier at dei «alltid har vore ein hundeperson» etter å ha posta eit bilete på Facebook med ein kvalp. Derimot når ei kantine bytter frå plastkoppar til å bruke glas og tallerken (ja, slike som vaskast!), eller når ein kollega endeleg lærer å bruke søppelsorteringssystemet – då er det ikkje grønvasking. I vårt tilfelle handlar det til dømes om selskap som har klart å krype under regjeringa sin visjon om dødelegheit på 5 prosent. Det er faktisk framsteg.

For nesten eit år sidan stilte vi oss sjølv til hugg i Arendal, der synsarar og alle som ønskjer å debattere møtast under den såkalla Arendalsuka. Vi offentleggjorde våre eigne omdømetal, som viste lite hyggelege tilbakemeldingar frå folk flest. Eg har aldri tidlegare sett ein organisasjon eller næring som viser fram slike tal.

Eit fyrste steg

Midt i all kritikk må ein og hugse at vi faktisk ønskjer å vise det vi driv på med, og har gjort det heilt sidan 2005. Vi har 34 sentre som kvar dag har opne dører, frå Kirkenes til Oslo. Sjekk laks.no og du får ei hyggeleg overrasking. Ein relativ kritisk journalist, tok for eit par år sidan innom turen til det då nyopna The Salmon i Oslo. Han blei vist fram at alle lusetall, utslepp, og lusebehandlingar på Barentswatch, som står godt synleg på skjerm i lokala. Journalisten, stilte så spørsmålet: «Er dette ekte?».

«Selv om vi har oppnådd mye...» er eit fyrste steg. Som kollega Kristin Langeland, som leiar avdeling for kommunikasjon, politikk og strategi, har tydeleg sagt: «Jeg liker ikke å kalle det en kampanje, for det skal være vedvarende, vi skal kommunisere betre og mer, hele tiden». Vi håper du som er engasjert i havbruk kan hjelpe til å dele denne kampanjen, til folk flest, som er langt unna havbruk. I trekanten Lillehammer, Kristiansand, Halden, bur tre fjerdedelar av nordmenn. Politikarane lyttar til kva folk flest meiner. Då må vi fortelje kva vi gjer for betre velferd og helse for fisken vår.

«Laks er viktig» lykkast vi med. Det er etablert som ei sanning. 86 prosent av folk flest meiner at Laks er viktig for Norge. Klarer vi og å vise at vi er på betringas veg? Sjå kva vi gjer på sjømat.no

(Vilkår)
Publisert 2. april 2025, kl. 03.00Oppdatert 2. april 2025, kl. 09.48