Jubilant

Gratulasjonsinnlegg i forbindelse med merkedagen til Reidar Holmefjord. Skrevet av nærstående, Kari Holmefjord Vervik,

Han var nummer fire i ein syskenflokk på fem. Han viste tidleg både gode rekneferdigheter og praktisk sans, og var med faren på fiske frå han var 14. Etter kystskippereksamen, 22 år gammal, bygde han MS «Holmefjord» saman med storebroren, og dei dreiv brisling- og sildefiske saman i nærmare 30 år. Det er mange som har sterke og gode minner frå arbeid om bord i Holmefjord, med kombinasjonen av godt sjømannskap, høg arbeidsmoral, risikovilje og rettferdig deling av resultatet.

Ein oppdrettspioner

Interessa for å forstå korleis ting virkar og kunnskap om fisk i not, fortøyingar, vannkvalitet og straumar gjorde at han kom i kontakt med Magne Bolstad, som starta å eksperimentera med oppdrett i Hålandsdalen på slutten av 60-talet. Dette resulterte i at Reidar vart ein av oppdrettspionerane og drivkraft i etableringa av AS Bolaks i 1975, der dei to andre brørne og deltok. Lite visste Reidar at Bolaks konsernet no snart 50 år seinare skulle vera ein av dei største arbeidsplassane i tidlegare Fusa kommune, med nærmare 130 ansatte.

Reidar var ein av oppdrettspionerane og drivkraft i etableringa av AS Bolaks i 1975. Foto: Privat

Har sett spor

Reidar gifta seg i 1957 med si kjære Kristina og fekk fire born. Kristina gjorde det mulig å kombinera så mykje jobbing med familieliv, og dei to hadde mange fine turar i heile verda, både i oppdrettssamanheng og seinare.

Reidar er utruleg sosial og særleg etter at han trappa ned i arbeidslivet har han engasjert seg i ulike frivillige organisasjonar samt sørgja for at naboar og vener har fått jevnlig tilbud om både fisk og sosialt samvær.

Evna til å tenkja stort, ikkje gje seg over og starta med nye ting er noko av det som karakteriserer Reidar aller mest. At han etter Kristina døydde lærte seg å laga verdens beste fiskekaker er berre eit eksempel på dette.

Han er ein utruleg raus mann, som verkeleg har sett spor etter seg, ikkje berre hos oss i familien, som er veldig glade i, og stolt av han, men og i lokalsamfunnet og i norsk fiskeri- og oppdrettshistorie.

90 års dagen blir feira heime i hagen 1. pinsedag med barn, barnebarn og oldebarn.