I starten av januar meldte Bremnes Seashore om krevjande tider i selskapet. Familieselskapet på Bømlo utanfor Bergen hadde biologiske utfordringar med ILA-utbrot.

Utan fisk å tilverka, blei resultatet produksjonsstopp og 200 tilsette blei permitterte.

Utviklingsdirektør i Bremnes Seashore, Simen Nesse Økland, heldt eit innlegg på One Ocean Week onsdag der han viste til at selskapet vanlegvis har 500.000 middagar i produksjon kvar dag.

– I dag har me null, sa han til forsamlinga onsdag.

– Det var 200 som vart permittert, dei fleste tilknytt til fabrikken og ein del støttefunksjonar.