Pål Korneliussen
  • Stilling: Publisher i IntraFish Media
  • Utdanning: Siviløkonom frå NHH
  • Alder: 53 år
  • Bustad: Bergen
  • Sivil status: Gift, tre barn

I over 40 år har sjømat vore ein del av livet hans. Sjølv om han no gir seg som toppsjef i IntraFish Media, håpar han sjømat framleis skal vere viktig i yrkeslivet hans.

Han har hatt mange ulike jobbar relatert til sjømat heilt sidan han som liten gut i Finnmark var med på fiske og skar torsketunger. I starten var det rådgjeving og sal av fisk, men dei siste to tiåra åra har han drive eit mediehus som skriv om sjømatnæringa. No skal eit nytt kapittel i livet skrivast, så lat oss starte med det som gjer vår eigen sjef aktuell som fredagsgjest denne veka.

– Denne veka har vore veldig spesiell. Me lanserte Tekfisk, ein ny nettstad med nyheiter om teknologi, innovasjon og forsking i sjømatnæringa, noko som er veldig spennande. Onsdag var det styremøte og generalforsamling i Fiskeribladet, og så har eg sagt opp jobben som publisher i IntraFish Media. Det siste er det som har tatt mest plass, seier Korneliussen.

Veglaus og innesnødd

Det kom som ei stor overrasking på dei tilsette då han tysdag på eit allmøte gav beskjed om at han har sagt opp i IntraFish for å finne noko anna å gjere etter 18 år i selskapet. Kva veit han ikkje, men han håpar det blir noko innan sjømat der han kan nytte kunnskapen og kontaktane han har.

Likevel legg han ikkje skjul på at det også er vemodig å slutte.

– Då eg stod framfor dei tilsette, måtte eg verkeleg konsentrere meg for å halde kjenslene unna. Det er med skrekkblanda fryd eg gjer dette. Det er jo IntraFish og Fiskeribladet eg har tenkt på i 18 år no. Samstundes er det spennande å kunne tenke på noko nytt, seier han.

At livet skulle ta han dit han er i dag, er inga sjølvfølge. Han vaks opp i den veglause og innesnødde bygda Kårhamn i Vest-Finnmark med rundt 100 innbyggjarar. I dag har bygda berre rundt åtte fastbuande, og Grieg Seafood har flytta inn i det gamle fiskemottaket der, så der er framleis «lys i husan».

Pålagt barnearbeid

Morfaren kjøpte i si tid fiskeværet Kårhamn og dreiv handelsstad og kjøp og sal av fisk. Dottera gifta seg med ein lokal fiskar, og saman busette dei seg der. Pål var yngst i søskenflokken på fire, og foreldra budde heime inntil i fjor. Kvar sommar sidan han flytta, har han besøkt barndomsheimen.

– Det er viktig for meg at ungane får oppleve Nord-Noreg sjølv om mykje er annanleis no. Eg vaks opp i den tida då barnearbeid ikkje var forbode, men pålagt. Det var alltid ei tau å halde i, eller ei torsketunge å skjære. Eg likte meg på sjøen. I helgene var eg med og drog torsk eller kveitegarn, og om sommaren fiska me laks. Om laurdagen vanka det også nokre kroner i lønn. Det var alltid noko å gjere på, sjølv om me i tenåra kanskje følte det annleis – at me gjekk glipp av noko, fortel han.

Å stå på ei scene og lage musikk saman med andre – det må vere meininga med livet.

Skjønt tenåringar var det kanskje ikkje så mange av. Skulen hadde tolv elevar, og Korneliussen var av dei heldige som var fødd så seint at bygda også hadde fått ungdomsskule. Dei andre søskena var ikkje like heldige. Dei måtte flytte på internat då dei var ferdig med barneskulen.

– Det var spesielt, men eg føler eg har vore veldig heldig som vaks opp på ein slik plass, seier han

Som 16-åring flytta han på hybel i Hammerfest for å gå på vidaregåande skule.

– Det første året var eg heime kvar helg. Det siste året var eg kanskje heime to helger, ler han.

Byen vart Bergen

Ferda gjekk vidare innom distriktshøgskulen i Nord-Trøndelag med utdanning innan økonomi og administrasjon, og etter kvart jobb som næringsrådgjevar i VINN i Narvik der han jobba inn mot næringsmiddelindustrien.

– Eg jobba mykje med oppdrettsnæringa og skreiv søknader om utviding av lokalitetar. Eg huskar eg som 23-åring heldt kurs i økonomistyring av matfiskanlegg for godt vaksne folk. Eg var ikkje høg i hatten, men dei høyrde på meg. Det er litt som med digitalisering i dag, der det kjem inn unge folk som kan noko anna, seier han.

Denne veka vart Tekfisk publisert. Publisher Pål Korneliussen (til venstre) saman med journalistene Camilla Aadland og Vegard Solsletten. (Foto: Ole Erik Klokeide)

Etter to år der, tok livet ei ny vending. Han fekk ikkje vere med på eit prosjekt han gjerne ville ha fordi han ikkje hadde nok utdanning.

– Sjefen min i VINN oppmoda meg til å fullføre siviløkonomutdanninga, og eg starta på NHH i Bergen. NHH var fantastisk, men det var heftig med så mange flinke folk og stort pensum, seier han.

Studentlivet gav også moglegheiter til mange nye aktivitetar han aldri hadde tenkt på. Han hadde spelt litt gitar i eit band tidlegare, men no vart det blandakor på Kårhamnværingen. Og då går det gjerne slik som det ofte gjer. Han møtte kona si i det koret. I dag har dei tre barn frå 7 til 11 år.

Fascinert av journalistikk

Studentliv og blandakor til trass, det vart også tid til å studere spansk. Det førte han til Spania der han skreiv siviløkonomoppgåve om marknaden for saltfisk. Det eine fører ofte med seg det andre, og etter oppgåva var ferdig, vart han tilsett i norsk-russiske Kolnor Trading i Berlevåg for å selje fisk til blant anna spanjolane. Men den sunnmørske madammen var framleis i Bergen, og lengta vart for stor. Neste stopp vart Hallvard Lerøy as.

– Eg starta der i 1993 og eksporterte allslags fisk. Mange av dei eg jobba med, er der framleis i dag, og eg har fleire av mine næraste vennar frå den tida. Det var eit ungt og spennande miljø, fortel han.

Me skulle bygge verdas beste og største leverandør av nyheiter om sjømat og fisk.

Det var likevel ein annan bransje som lokka.

– Eg har alltid vore fascinert av journalistikk og likt å skrive. Eg fortalde til sjefen min Ole-Eirik Lerøy at eg kunne tenkt meg å gjere noko anna. Han var òg interessert i journalistikk, og sa til meg at det var viktig å følgje det ein hadde lyst til. Eg tolka han også som at det alltid ville vere mogeleg å komme tilbake om eg angra meg, seier han.

Han takka ja til jobb som journalist i Norsk Fiskeoppdrett, og jobba der i to år. I år 2000 vart han henta frå Norsk Fiskeoppdrett av IntraFish-grunnleggar Knut Eirik (Eika) Olsen til IntraFish. Han var spurt om å vere redaktør for økonomi, finans og marknad.

– Men eg ville ikkje flytte til Bodø, så eg sa ja mot å få bli i Bergen. Det første halvåret var kontoret på loftet i leilegheita vår i Sandviken. Etter kvart vart fleire tilsett ved Bergenskontoret og me flytta til Bontelabo. IntraFish vart kjøpt av NHST-konsernet, som allereie eigde Fiskaren, og me vart meir integrert med dei. Beskjeden frå NHST var at dette skulle vekse globalt. Me skulle bygge verdas beste og største leverandør av nyheiter om sjømat og fisk. Eg vart tilsett som administrerande direktør, og fekk ei ganske fri rolle til å bygge opp selskapet. Og me er blitt størst og best, og har bygd ei sterk merkevare i Noreg og internasjonalt. Eg trur ikkje alle er klar over kor stort selskapet eigentleg er, seier han.

Oppkjøp og finanskrise

I dag har IntraFish Media-gruppa rundt 80 millionar kroner i inntekter med 70 tilsette i mange delar av verda. Gruppa driv papiravisa Fiskeribladet, og nettavisene IntraFish.no, IntraFish.com, Fiskeribladet.no og no altså også Tekfisk.no.

I fjor vart selskapet fusjonert med resten av dei globale publikasjonane til NHST, som også omfattar aviser som Tradewinds og Upstream som er sterke globale merkenamn innan høvesvis shipping og olje- og gass.

Men ikkje alt har vore roseraudt. I 2007 kjøpte IntraFish Media det britiske medieselskapet Heighway som også hadde mange ulike publikasjonar som skreiv om fiskeri og sjømat. På det meste var totalomsetninga på over 100 millionar kroner. Korneliussen tok med seg familien og flytta til London for tre år for å styre samanslåinga av dei to mediehusa. Så kom finanskrisa, som råka mange bransjar, media inkludert, hardt.

– Me trudde ei lita stund me skulle gå klar av den, men inntektene frå annonsar forsvann etter kvart frå oss også. Då gjekk me frå å ha ambisjonar om å vekse til at det handla om å redde bedrifta, fortel han.

Nedbemanningar var ikkje til å unngå, noko som gjekk hardast utover dei tilsette i Storbritannia.

– Me måtte seie opp 36 personar. Det gjer noko med ein og rører ved mange enkeltmenneske. Men me redda selskapet, og eg har i dag eit godt forhold til dei aller fleste som måtte slutte då. Me kom oss vidare og kan vekse igjen som me gjer når me lanserer Tekfisk, seier han.

Globalt

Noko av det kjekkaste med jobben synst han er å vere leiar for folk over heile verda frå ulike kulturar.

– Det har vore fantastisk gøy for ein frå Kårhamn i Vest-Finnmark å få reise rundt i verda. Det kjekkaste er likevel å sjå ei nyheitssak hos oss starte i eit land for så å gå globalt, der jobben som blir gjort ein stad blir tatt vidare av andre som kjem på jobb i andre verdsdelar – og det blir lest overalt. Då ser ein kor global denne næringa er. Og så har det vore kjekt å få bygge nye ting i selskapet, vere litt gründer og entreprenør som det har vore med Tekfisk no sist. Det startar som ein idé, går gjennom i styret og blir ein realitet, seier han.

Pål Korneliussen i litt yngre utgave i samband med at han vart publisher også for FiskeribladetFiskaren. (Foto: Marius Karlsen)

Ein ting som heller ikkje går an å komme unna, er digitaliseringa verda har gått gjennom. Det har også forma IntraFish.

– Det starta som ei faksavis, for så å bli lest på desktop til no at fleire og fleire les på mobil. Digitaliseringa har vore veldig spennande. Det har komme til nye konkurrentar, men det me eigentleg konkurrerer om er folks tid. Og i dette så ser me at me klarar å vekse: Me klarer oss bra, seier han og smiler igjen.

Cowboy

Sjølv om han har sagt opp jobben, føler han framleis sterkt på eit eigarskap til selskapet som har vore ein viktig del gjennom ein tredjedel av heile livet.

– Kva har du lyst til å gjere no?

– Eg har jobba i sjømatnæringa heile livet, så eg har lyst til å jobbe vidare med det slik at eg kan ha kontakt med nettverket eg har bygd opp gjennom alle desse åra. Det er mange eg har lyst til å møte vidare. Er du litt deppa, er det berre å ta seg ein tur på neste messe, seier han og ler.

Eg har alltid vore fascinert av journalistikk og likt å skrive.

Korneliussen er elles neppe av dei som deppar for mykje. Tid til det har han heller ikkje. Med tre små barn, er det vanskeleg å gå tom for noko å gjere.

– Eg prøver å halde følgje med dei og står på sidelinja om det er fotball eller handball. Men om eg verkeleg skal ha det kjekt, så lagar me til ein cowboy-dag. Då går me i fjellet, bygger ein gapahuk, kastar lasso, lagar bål og kosar oss heile familien. Og så likar eg båtliv. Me har ikkje stor båt, men stort telt som me slår opp på ei aude øy, tenner bål og går i fjæra. Det likar eg, og det gjorde mine foreldre med meg når eg var liten, fortel han.

I tillegg er han glad i musikk. Blandakor sørgde for livspartnaren, men det er gitarrock som er musikken hans. For fire tiår sidan spelte han gitar i eit lokalt rockeband, men gav seg i slutten av tenåra. Å bli rockemusikkar er likevel den eigentlege draumen.

– Kanskje ikkje alt med rockelivet, då, parerer han fort.

– Men å stå på ei scene og lage musikk saman med andre – det må vere meininga med livet.

I dag nøyer han seg med å sjå på andre rockarar. Som sist helg då deLillos spela i Bergen.

– Det var rock’n-roll-versjonen, og eg var ikkje eldst i lokalet. Det var veldig kjekt. Dagen etterpå var eg med sonen min Olav på korpsøving til festkonserten i Grieghallen under Hordablæsten. To ulike verder, seier han med eit smil.

Fantasy-fan

I tillegg er han glad i å lese bøker, gjerne mange samstundes. Akkurat no held han på med biografien av Bruce Springsteen og boka «Enlightenment now: The case for reason, science, humanism and progress.»

– Den handlar om at til trass for at mange prøver å fortelje oss at verda går til grunne og alt var betre før, så går verda framover og nesten alle faktorar går i rett retning. Me har mange store problem, men problema kan løysast dersom me behandlar dei som det og ikkje som gudgitt straff eller sjølvpåført kaos. Me har løysingane i oss dersom me bruker alt me har lært, eller bestemmer oss for å lære meir. Eg er optimist, seier han.

Eg ville ha brukt mange pengar på å heve båten til far min og gjort den om til museum.

Han er også glad i fantasy-sjangeren, og har ofte med seg ei slik bok på flyet når han reiser verda rundt. Ein favoritt er bøkene til Terry Pratchett.

– «The discworld series» er ein kjempemorsom fantasy-serie som parodierer alt mellom himmel og jord, og er full av referansar til historie, kultur, religion, døden og maktpersonar. Interessa for fantasy starta nok med Tolkiens «Ringenes Herre». Pratchett jobba tidlegare som pressetalsmann for eit atomkraftverk, og har sagt at han burde skrive bok om det – men ingen ville tru på han. Det er sterkt frå ein som skriv om trollmenn, dvergar og små – sjølvopptatte gudar.

Samling, ikkje krangling

Korneliussen er også ein av mange som har lest bokserien «En sjøens helt» av Jon Michelet med stor interesse.

– Foreldra mine hadde krigen tett på og snakka mykje om den og om krigsseglarane som aldri fekk den æra dei fortente. Det er veldig trist at Michelet nyleg døde, men eg er veldig glad for at rakk å gjere ferdig den siste boka i serien. Den ser eg fram til, seier han.

– Kva ville du gjort dersom du fekk vere fiskeriminister for ein dag?

– Då ville eg ha brukt mange pengar på å heve båten til far min, «Bakken», som ligg på havets botn ein stad, og gjort den om til museum. Far kjøpte båten i 1958 saman med onkelen min, men den var bygd i Vikna før krigen. Dette er ein av dei flotte båtane som vart bygd på den tida, som ein ikkje finn i dag.

– Og så synst eg etter kvart at det blitt for mykje politikk, særinteresser og organisasjonar som har mange meiningar. Eg trur folk som ser bransjen utanfrå, ser mykje krangling. Eg trur på samling, seier han.

– Konkurransen står ute, ikkje her til lands.

– Er det nokon i næringa du synest fortener ekstra skryt?

– Eg kan ikkje dra fram enkeltpersonar fordi det er mange. Eg er imponert over eigenskapar og handlingar, og ser mange visjonære folk i ein framoverlent bransje, svarar han.

Kanskje er det ein av desse personane som blir hans nye arbeidsgjevar. Uansett har han maksimalt eit halvt år igjen som publisher i IntraFish Media. Han er ikkje uroa over framtida til bedrifta han har vore med å bygd opp dei siste 18 åra.

– Både IntraFish og Fiskeribladet er sterke merkevarer som vil klare seg fint utan meg. Det er mange som har vore her lenge, og me har også fått inn mange unge og flinke folk. Me har spesielt mange unge og dyktige kvinner her. Leiinga består av flinke folk, me har langsiktige eigarar og me skriv om ein bransje som går veldig godt. Eg er ikkje bekymra for framtida til selskapet, seier han.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – følg oss på Facebook,Linkedin ogTwitter, ellerabonner på vårt daglige nyhetsbrev.