Denne veka vart YoungFish-konferansen unnagjort, og Carl Johan Arnesen Sandberg, leiaren i nettverksorganisasjonen kan puste ut. Etter to år som programansvarleg, var han i år «berre» med som leiar i organisasjonen som på tre hektiske år har gått frå nyetablert til å ha rundt 1.300 medlemmer fordelt på fire lokallag i heile landet.

Han er utdanna havbruksbiolog og har etter at han var ferdig utdanna jobba for Ocean Quality, salsselskapet til Grieg Seafood og Bremnes Seashore, som kvalitetssjef. Selskapet sel rundt 110.000 tonn laks årleg, har hovudkontor i Bergen med regionkontor på Bømlo, i Lerwick på Shetland og British Columbia på vestkysten av Canada.

Inspirert av faren
Då Sandberg skulle inn i oppdrettsnæringa kutta han ut å bruke Arnesen som mellomnamn. Han ønskte ikkje at folk skulle assosiere han med faren Carl-Erik Arnesen som har vore ein leiande person i næringa i ei årrekkje.

- Det var viktig for meg å bli kjent som meg. Difor kutta eg ut Arnesen som mellomnamn og brukte berre mors etternamn i starten. Før det brukte eg begge, slik eg også gjer no, fortel han.

- Er det han som er inspirasjonen til at du valte yrke som du gjorde?

- Gjennom oppveksten har eg sett ein mann som har vore veldig engasjert i jobben. Det har klart påverka og skapt ei interesse, og gjer det framleis. Han er, og har vore, ei inspirasjonskjelde, svarar han.

- Så under søndagsmiddagane til familien er det laks som er diskusjonstemaet?

Sandberg smiler litt før han svarer at ein ofte kan diskutere laks.

- Men blir det for mykje, har me familiemedlemmer som set foten ned. Av fem søsken er det to som har gått inn i havbruk. Dei tre andre har valt medisin og helse. Så me er ikkje i fleirtal, seier han og ler.

Fotball og fjell
På fritida er fotball og ski dei store fritidsinteressene. Han har tidlegare vore aktiv fotballspelar, men har lagt opp sidan tida ikkje strekk til. No er det berre tid til løkkefotball med kompisar.

Han er også å finne på Store Stå når Brann spelar heimekampar, eller i sofakroken når det andre favorittlaget, Liverpool, trer inn på grøne grasmatter i England.

- Eg likar ikkje å sitje i ro, er sosial og har ein stor omgangskrets av gamle og nye vener, og trivst best når eg har noko å gjere. Men eg slappar av når eg kan setje meg i sofaen og sjå på ein fotballkamp, fortel han.

Han likar seg også på fjelltoppar, med og utan ski på beina, og kan gjerne gå bortover eller stå nedover. Sist helg var han på topptur i Røldal. Kulturopplevingane er ikkje like hyppige.

- Eg meiner jo at fotball er kultur også, men mor mi drar meg med på konsertar og teater. Det siste stykket eg såg var «Spellemann på taket» på Den Nasjonale Scene i desember. Når eg er på jobbreise, prøver eg også å oppleve litt andre ting. Gjerne stoppe ei helg og få med meg noko meir enn berre jobb. Men er eg i London er det første eg ser etter kva fotballkampar eg kan få med meg, smiler han.

At han likar å reise er ein fordel når jobben inneber rundt 150 reisedøgn i året både i inn- og utland.

Omdømme
Eit høgdepunkt for Sandberg i fjor var YoungFish-konferansen der statsminister Erna Solberg hadde innleiinga. At ho tok seg god tid til å snakke med dei unge i næringa, gjorde inntrykk.

- At personar som Solberg, Gustav Witzøe og Elisabeth Grieg tok seg tid til å vere med, viser at det me gjer betyr noko. Det, saman med at eg vart invitert til å halde innlegg på statsministeren sin konferanse i Stavanger, er det positive eg hugsar best frå fjoråret, seier Sandberg?

- Kva er det negative du huskar best?

- Det er nok det tøffe kjøret som er i media. Mykje av angrepa skuldast missoppfatningar. Oppdrettsnæringa har ein lang veg å gå for å fortelje kva me driv med. Sjømatrådet, Sjømat Norge og Marine Harvest gjer mykje bra, men dei store og mellomstore selskapa kan bli enda flinkare på opplæring i Noreg. Her i Bergen har me til dømes VilVite-senteret som har fokus på teknologi, olje og gass. Kvifor kan me ikkje lage eit slikt senter også for sjømat, og bygge eit konsept saman med andre som kan formidling? Visingssenter er bra, men dei ligg gjerne langt unna der folk er, seier Sandberg.

Han fortel at han ofte møter missoppfatningane ute blant folk, men synest det er kjekt å diskutere.

- Det er gjerne folk med god utdanning som ikkje veit så mykje om oppdrettsnæringa. Men mange eg møter er opne for å lære meir, og dei skjønnar at det er mykje som vert framstilt feil. Me ser også på Facebook-sida vår at oppdrettsmotstandarar kjem med harde angrep. Då er det viktig å svare skikkeleg, og vere audmjuke for at me også kan lære og framleis har ein veg å gå, seier han.

Nettverksbygging
Men ein kan ikkje snakke med Sandberg utan å komme meir inn på YoungFish. Interessa for ein slik organisasjon har overraska han. Alt starta med at Erlend Vassbotten og Jonas Langeteig i Lerøy-konsernet diskutere dette på twitter. Fleire var positive, og det enda med at dei arrangerte eit bartreff ein kveld etter jobb. Der kom det 70 personar.

- Mange sakna eit slikt fellesskap etter studenttida. Det er mange studentorganisasjonar, og mange følte eit behov for dette. At det er blitt godt mottatt, er noko som gjev energi til å halde fram. Og så er det veldig lærerikt. Eg er glad eg har ein arbeidsgjevar som ser verdien av YoungFish, men at eg også klarar å gjere jobben min sjølv om YoungFish også går inn i arbeidstida, seier han.

Medlemmene er personar til og med 35 år, der dei fleste har jobb i sjømatnæringa eller i tilknyting til den. Det er også rom for studentar, og rundt 10 prosent av medlemmen er i utdanning, men Sandberg understrekar at dei ikkje er ein studentorganisasjon.

- Jo fleire med arbeidserfaring me får med, jo betre er det for medlemmene våre som kan utveksle erfaringar på medlemsmøtene. Medlemmene er både studentar og nyutdanna, men også mellomleiarar og leiarar. Tanken er at ein skal kunne lære av kvarandre. Det er stor skilnad mellom røktarar og dei som jobbar på kontor, og fiskarar og dei som sel fisken. Men alle kan lære av kvarandre, og me ønskjer å spegle dei ulike sidene i næringa, seier Sandberg.

Ingen gutteklubb
Dei fleste medlemmene jobbar i havbruksnæringa, noko Sandberg meiner er naturleg i og med at initiativet kom frå personar i den delen av næringa. I tillegg er det truleg fleire unge som jobbar innan havbruk samanlikna med fiskeri. Men dei er opne for alle, og ønskjer å leggje til rette for å få med fleire frå fiskerisida. Difor har ein også arrangert medlemsmøter der fiskeri er temaet.

- Me har tatt steg for å få med fleire frå fiskerisida, og har fått personar som jobbar i kvitfisk og pelagisk inn i styra. Folk må engasjere seg, og alt arbeidet vert gjort på frivillig basis, seier han.

Han håpar arbeidsgjevarane ser verdien med å hjelpe dei unge med å komme på treff og engasjere seg for å bygge nettverk i næringa. Sandberg meiner det er viktig å ha eit nettverk og nokon å kontakte for å kunne diskutere problem som oppstår.

- Er det fare for at det kan bli for lukka og ein «gutteklubben grei»?

- Me har fokus på at det ikkje skal vere det. Av den grunn har me ei opne side på Facebook, og me er opne for alle og det kostar ingenting å vere medlem. Berre konferansen kostar noko. I fjor vart det arrangert 20 medlemstreff i tillegg, svarar han.

Ei av dei største utfordringane i starten var å få aksept for kor viktig YoungFish kunne vere, og få forståing for at nettverket var noko som gagna både medlemene og arbeidsgjevarane. Det jobbar dei framleis med, men fleire og fleire ser dette ifølgje Sandberg.

- Er næringa flinke nok til å ta inn unge folk?

- Det blir betre og betre. No har me også stadig fleire ulike og gode utdanningar for sjømatnæringa, og det er attraktive og flinke folk som kjem ut. Havbruksnæringa har nok vore flinkast. Ser ein på kvitfisk og pelagisk, så kan nok dei sjå litt til havbruk og bli flinkare til å ta inn studentar og nyutdanna, svarar han.

Forsking i fokus
YoungFish har også vore med å inspirert andre slik YongShip, organisasjonen for unge i maritim industri, var for dei.

- Det er spennande og kjekt at Ung i Finans finn inspirasjon i oss. Me har også hatt kontakt med ein organisasjon for eigedomsmeklarar på Austlandet som nyleg er starta opp. Me diskuterer også samarbeid på tvers. For vår del er det interessant å lære av shipping, olje og gass og kva dei har lært av opp og nedturar som dei har vore gjennom, seier Sandberg.

Han er ikkje i slekt med fiskeriminister Per Sandberg, men dersom han var fiskeriminister for ein dag, var ei sterkare satsing på forsking det første han ville gjort.

- Eg meiner forskingsmiljøa i Noreg er veldig gode. Eg ønskjer forskingsretta vekst i havbruksnæringa, og eg ville sett til andre næringar og utlandet, det er mykje me kan lære av kvarandre. Vekstdebatten i Noreg er sunn. Eg meiner det er rom for vekst, men me må kanskje vente på ny teknologi – og den kjem. Næringa til no er i stor grad bygd av praktiske bønder og fiskarar. Ingeniørane er brukt i andre næringar, men no ser me at fleire ingeniørar er på veg over i havbruk. Produksjonsmåtane i dag er gode, og må brukast også i framtida, men truleg i kombinasjon med andre metodar, seier han.

Onsdag var altså årets YoungFish-konferanse unnagjort med rundt 200 deltakarar, og kvardagen med jobb er tilbake.

- Kva skal du gjere i helga?

- Eg prøver å komme meg ut av byen i helgene. Om det ikkje er skitur, prøver eg å reise til Solund der me har ein gard med sauer. Denne helga blir eg derimot i byen sidan me skal ha avskjedsfest for ein kollega, svarar han.