Boka startar med at bestevenen til Klara, Seien, er sjuk. Han har ein hard og klumpete mage, og feber. Klara vil hjelpe venen og krabber av garde på havbotnen.

Her møter ho ulike utfordringar, mellom anna den vonde Kongekrabben. På vegen møter ho også gode hjelparar som set ho på sporet av den magiske konkylien som er stolen av vonde makter frå ei framand verd.

Klara må prøve å finne att den magiske konkylien og redde havet. Då må ho oppsøke den framande verda og møter Kapitalia som vil gjere havet til ei einaste stor søppeldynge. Ho har forheksa menneska, eller luftpustarane som Klara kallar dei, og har fått dei til å fylle havet med plastflasker og anna plast.

Gjennom konkylien kan Klara snakke med menneska, og ho kjem seg til Stortinget der statsministeren får høyre bodskapen om at alt plastbosset er i ferd med å drepe havet. Statsministeren viser handlekraft og set alle båtar på havet til å samle opp alt søppelet menneska har forureina havet med.

Det går altså bra med både Klara og Seien – og havet, men det krev handling og endring. Det er moralen i boka som har valt eit tema som er inn i tida.

Boka er skriven av Hildegunn Bjelland, illustrert av Heidi Kahrs Damm og utgjeven på Tegn Forlag. Grunnen til at denne boka vart skriven, er at forfattaren ønska å setja fokus på miljø og konsekvensane som plastforureininga får for livet i havet.

Målgruppa er born i alderen 6-10 år, men forfattaren håpar at forteljinga kan vera med å skapa gode haldningar hos både vaksne og born som les den. Og det er ei leseverdig og tankevekkjande bok som tek for seg ei av dei store utfordringa verda har i dag.

Boka er gitt ut på nynorsk, men kjem også snart på bokmål. I løpet av 2019 kjem den ut både på engelsk og tysk.

---

Hold deg oppdatert på hva som skjer i norsk og internasjonal oppdrettsnæring – abonner på vårt daglige gratis nyhetsbrev.