- Det er med stor sorg vi meddeler at Jostein ergått bort, 57 år gamal, etter lang tids kamp mot kreftsjukdomen, melder SalmonGroup.

Jostein Kråkås var involvert i norsk laksenæringsidan midten av 80-talet. Frå 1994 var han dagleg leiar i Sulefisk AS.

- Han var ein person som merka seg ut som eindyktig næringslivsmann og ein sosial og humørspreiande kollega. Jostein haddeein av dei kvikkaste replikkane i bransjen, og han var glad i å ta ordet både imøter og festlege lag.