Det er tid for stamfisksortering i Nystølvågen i Lygrepollen i Hordaland. Store laksar på mellom 12 og 20 kilo vert sorterte etter kjønn og genetiske eigenskapar. Berre dei beste får bli foreldre til nye laksefamiliar.

Kven som er mest eigna til føremålet, er det kundane som bestemmer.

Oppdrettarane veit kva dei er på jakt etter, og rognprodusentane foredlar genane som gjer mest nytte for seg i næringa. God fiskehelse, god vekst, rett farge og feittinnhald er nokre av dei viktigaste eigenskapane. Motstandskrafta mot sjukdom og lakselus står sentralt i avlsarbeidet.