Mindre bruk av middel mot lakselus skuldast blant anna at lusa i aukande grad blir fjerna med andre metodar — som spyling og reinsefisk.

Legemiddel i norsk fiskeoppdrett

Kvart år publiserer Folkehelseinstituttet grossistbasert statistikk for sal av legemiddel i norsk fiskeoppdrett, mellom anna antibiotika, middel mot lakselus, innvolsorm og overflateinfeksjonar.

I norsk fiskeoppdrett er bruken av fleire slag legemiddel på veg ned. Det gjeld særleg legemiddel mot lakselus, viser dei nye tala for 2019. Forbruket av antibiotika har vore lågt i heile perioden frå 2010 til 2019, men det blei ytterlegare redusert i 2019, skriv Folkehelseinstituttet i ei pressemelding torsdag.

— Det reduserte forbruket av legemiddel mot lakselus gir von om at resistenssituasjonen på sikt kan betre seg, seier seniorrådgivar i Folkehelseinstituttet, Irene Litleskare, i meldinga.

Dei fleste legemidla er på veg ned

Folkehelseinstituttet opplyser at forbruket av dei ulike midla mot lakselus, innvolsorm og overflateinfeksjonar varierer noko frå år til år, men over tid er det ein tendens til at forbruket går ned.

Bruken av desse legemidla er på veg ned, med nokre unntak:

  • Antibakterielle middel
  • Middel mot lakselus
  • Middel mot innvolsorm
  • Middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn

Brukar meir på å roa ned fisken

Bruken av roande og bedøvande middel har derimot auka, eller er stabil, kjem det fram av pressemeldinga.

Dette er legemidla som blir nytta i fiskeoppdrett:

  • Antibakterielle middel: antibiotika og kjemoterapeutika som blir brukte mot bakteriar og andre sjukdomsframkallande mikroorganismer
  • Middel mot lakselus: parasitt- og insektmiddel
  • Middel mot innvolsorm: Middel mot bendelmakk (Eubothrium sp.)
  • Middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn: middel mot sopp til fisk
  • Roande og bedøvande middel