Selskapet anslår førebels at det kan ha rømt mellom 10.000 og 30.000 fisk med en snittstorleik på cirka 4-4,5 kg.

- Skaden vart oppdag om ettermiddagen tysdag 24. mai, og Fiskeridirektoratet vart varslet umiddelbart. Fiskeridirektoratet vil følgje opp saka og kartlegge omfanget av og årsaka til rømmingshendinga, skriv Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

Ifølgje direktoratet er det alt observert at den rømte fisken har spreidd seg til eit større område, og Fiskeridirektoratet region Vest har etter samråd med Fylkesmannen i Hordaland pålagt Lingalaks utvida gjenfangstplikt. Det er berre selskapet som kan drive fiske i samband med utvidinga av gjenfangstplikta. Fiskeridirektoratet har stilt krav om at garna skal senkast til 3 meter, at det ikkje vert fiska ved elvemunningar, og at villfisk vert sett ut igjen.