- Utviklinga har gått veldig fort, og det er ein unik industri som er bygd opp sidan 2010 i Noreg når det gjeld oppdrett av reinsefisk. Unik i den forstand at ein bygger opp ein industri som skal hjelpe til med det med eigentleg skal drive produksjon av, nemlig laksen. I dag er det nesten ikkje eit einaste torskeyngelanlegg som ikkje blir brukt til rognkjeks. I tillegg blir det bygd eigne anlegg for dette. Og i år går rognkjeks forbi aure og blir den nest største oppdrettsarten i Noreg, sa Erling Waatevik (bildet) under Sats Marint.

Erling Waatevik meiner over 50 millionar reinsefisk vil vere tilgjengeleg for laksenæringa i år.