I sitt innlegg under Pareto-seminaret på NASF, snakka Pye om kor viktig bioteknologi vil bli for oppdrettsnæringa i framtida.

- Sjukdom og parasittar er dei viktigaste hindringane for vekst i oppdrettsnæringa. Benchmark investerer mykje i å få på plass ny teknologi, og bruke genetikk aktivt for å få fisken meir motstandsdyktig, sa Pye.

Benchmar er eit vekstselskap og har hatt ein vekst på 30-40 prosent i året dei siste åra. Mykje av veksten kjem gjennom ulike oppkjøp, og satsingsområdet er store vekstmarknader med høge marginar.