<p>Dekan Reid Hole ved fakultet for biovitenskap og akvakultur ved Universitetet i Nordland. (Foto: Gørill Frømyr Borgen)</p>
 Gjennom 1990- og 2000-talet var det massive kampanjar mot norsk fiskeoppdrett, godt støtta av presseorgan som set agendaen i den norske kvardagen. Myter blei skapte. Ei av dei lever framleis: «Norsk oppdrettslaks er så proppa full av antibiotika at det ikkje er tilrådeleg å eta den.»

I ei undersøking gjort av elevar ved Fagskolen for akvakultur i Hordaland hausten 2014, sa 36 prosent at det er «for mykje antibiotika» i laksen.