Omsetnaden i fjor var på 111,5 millionar kroner for konsernet, tre prosent over 2014. Driftsresultatet auka med 33 prosent til 37,9 millionar kroner. Driftsmarginen i fjor var dermed 34 prosent, opp frå 29,2 prosent året før.

Lerøy Seafood Group, som er ein av selskapets viktigaste kundar, overtok i februar i fjor 50 prosent av aksjane i konsernet. Brørne Tore, Arne, Hans og Edvard eig dei resterande 50 prosent av brønnbåtkonsernet. Samstundes vart ein ny brønnbåt, «Seihav», bestilt frå Fitjar Mekaniske Verft.