Konsernsjef Alf-Helge Aarskog opna Paretos seminar under NASF torsdag og snakka om moglegheitene i den amerikanske marknaden. Han starta med å vise bilde av kaloriinntaket per person i ulike delar av verda. Den viser at i svært mange land er kaloriintaket langt høgare enn det ein treng.

- Du treng ein balansert diett, konstaterte han og viste ei oversikt over kva protein amerikanske konsumentar får i seg mest av. Framleis er kylling det dei et mest av, samt svin og storfe.