På røykeriet på Bømlo er dei tre faste tilsette, og alle blei permittert då koronapandemien slo til for fullt i mars

– I ein periode var det nesten heilt stopp hjå oss, men no er me oppe i 60 prosent av full produksjon igjen. Så me er komne i gong att, seier dagleg leiar og ein av hovudeigarane - Geir Eikemo.

No er dei tilsette permittert om lag 40 prosent. Medan omsetnaden i mars vart ok, blei det eit fall på 70 prosent i april.