- Sjølv om forholdet er normalisert, er det framleis utfordringar med handelen. Men me håpar handelen vil vere normalisert i løpet av dei neste månadane, sa Asbjørn Warvik Rørtveit, direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang i Norges sjømatråd under North Atlantic Seafood Forum onsdag.

Han fortalte om den kinesiske økonomien som framleis er i vekst. Prognosen i år er ein vekst på over 6 prosent, og då har den ikkje vore lågare dei siste 25 åra. Ein heil generasjon har med andre ord opplevd kontinuerleg økonomisk vekst.