Det kan vere den enkle konklusjonen etter Frisk Fisk-konferansen i Bergen denne veka. Forskar Ole Bendik Dale ved Veterinærinstituttet kalle gjellepatogena, inkludert salmon gill pox virus (SGPV) som angrip laksen for «Bandittgjengen frå helvete» under eit fiskehelseseminar hausten 2015. Sidan den gong er det gjort mykje forsking for å finne ut av viruset.

Mona Gjessing var først ut av forskarane som summerte opp status på dei mange ulike forskingsprosjekta som skjer no. Ho fortalte at laksepox er langt meir utbreidd enn det ein har meint tidlegare.