- Me byggjer stein på stein, og er i ein fase der me er i ferd med å tene pengar no, fortalte Børre Erstad i Sterling White Haibut under Sats Marint i Bergen onsdag.

Han fortalte at det er stor etterspurnad etter kveite globalt. Deira estimat er at marknaden globalt er på 55.000 tonn i dag. Dei viktigaste marknadane er USA, Storbritannia, Sverige og Noreg som er marknader som kjenner kveite godt.

Ei utfordring er at det no tar fire til seks år å produsere matfisk frå rogn og larve.