- Russland har vore ein viktig marknad for laks, men dei siste åra har me sett at importen av laks til Russland har falt, sa Kvame på Paretos finansseminar under NASF torsdag.

Han viste til at totalvolumet er falt frå toppen på 230.000 tonn i 2012 og er no nede i 80.000 tonn. Ein ser også at aure, som tradisjonelt vore veldig viktig, mistar volum.

- Russerane har endra konsumet sitt til å ete mindre fisk og ete meir kjøtt. Mykje av deira eigen fisk vert eksportert, noko som også er logisk for dei.