- Modellen skal gje eit bilete av det som skjer i verkelegheita. Det viktige med vår modell er avstanden mellom anlegga. Den tar utgangspunktet i kor mange kjønnsmodne holus det er i eit anlegg. Og så kjem det an på kor mange av desse larvane som blir klekka. Når me veit temperaturen kan dette seie oss noko om produksjonen av larvar i lokaliteten, tida dei brukar på å nå eit gitt stadie. Saman med avstanden til anlegga gjer dette at me kan seie noko om smittepresset to veker fram i tid, fortalte Lars Qviller i Veterinærinstituttet under Frisk Fisk-konferansen i Bergen onsdag.

Kan