Båten, som har fått skroget bygd i Serbia, er utrusta ved Solund Verft. Eit nytt dotterselskap under Haugland Gruppen vil eige båten, og det er konsernets oppdrettsselskap, Erko Seafood, som skal bruke båten til dagleg.

- Båten er bygd for å tileigne oss meir kapasitet internt. Ser ein på utfordringane ein slit med på oppdrett, så er det eit behov for å få betre kapasitet og fleksibilitet internt. Tida er ein kritisk faktor, og hovudfokuset for den nye brønnbåten vil vere på fiskebehandling, fortel Endre Haugland som er ansvarleg for sjømat i Haugland Gruppen.

Familien