Eit hovudpoeng for Sandberg i sin tale var viktigheita av gode handelsavtalar. Her står Kina høgt på agendaen etter at Noreg har fått normaliserte diplomatiske forhold til landet.

- Eg er glad for at forholdet til Kina er normalisert igjen. No er det ein konkurranse i ministeriet no om kven som skal reise først til Kina, og kor mange. Mange vil reise dit i løpet av våren, og sjølv reiser eg i mai. Å få norsk fisk til Kina, ein veksande sjømatmarknad, er ei viktig oppgåve for meg, fortalte Sandberg med eit lite smil frå talarstolen.

Men