Eksportkvantum for fersk laks i veke 6 enda på 15.452 tonn, fem prosent lågare enn i veka før då volumet var 16.259 tonn, syner tall frå Statistisk Sentralbyrå.

Eksportvolumet er lågare samanlikna med veke 6 både i 2018 og 2019.

I veke 6 i 2020 var eksportprisen for fersk laks 65,56 kroner per kilo, ein nedgang på 6,7 prosent samanlikna med veka før, men prisen var nær 11 kroner høgare enn i 2018 og nær ni kroner over 2019-prisen.

I veke 6 i 2020 vart det eksportert 269 tonn frosen laks, og prisen var 57,41 kroner per kilo.